Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 12. mars kl. 09:00 – 10:00, 2025
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 « Novari testar deling av data frå VIGO-systemet til KUDAF»
Den nasjonale digitaliseringsstrategien 2024-2030 «Framtidas digitale Noreg» påpeiker at offentlege verksemder må bli flinkare til å gjere data tilgjengelege, slik at dei kan takast i bruk til nye formål. Data skal delast og brukast på ein ansvarleg og påliteleg måte. Fylkeskommunane tar no eit stort steg for å teste moglegheitsrommet når Novari testar deling av data frå VIGO systemet til KUDAF. Anne Mette Dørum, Novari IKS og Per Hovde, KUDAF, fortel om pilotavtalen mellom Novari IKS og Direktoratet for utdanning og kompetanse (HK-dir) om å gjennomføre ein test for finne ut om det reint teknisk er mogeleg med deling av data frå VIGO-systemet via KUDAF (Datafelleskapet til kunnskapssektoren) til konsumenten. Som del av piloten vil det også gjennomførast eit juridisk arbeid for å avklare roller og ansvar etter personvernforordninga.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 12.03.2025 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09