Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 18. september kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har me følgjande tema:

09:00 «Nasjonal informasjonsforvaltning i helse- og omsorgssektoren – roller og ansvar»

Helsedirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ein modell som beskriv oppgåver, roller og ansvar for koordinering av nasjonal informasjonsforvaltning. Modellen skal dekkje heile verdikjeda frå primærdokumentasjon til sekundærbruk og ta omsyn til forordninga om det europeiske helsedataområdet (EHDS). Dei regionale helseføretaka har fått tilsvarande oppdrag om å bidra i arbeidet.

Helsedirektoratet ønskjer i dette møtet å få innspel til roller og ansvar basert på det som allereie finst i andre sektorar og behov som er avdekt.
Korleis skape samarbeid innan ein sektor om informasjonsforvaltning? Korleis byggje vidare på dette for å skape nasjonal informasjonsforvaltning?

Helsedirektoratet innleiar med å fortelje om det pågåande prosjektet sitt og vil så invitere til felles diskusjon om kva roller og ansvar som finst (og manglar) innan informasjonsforvaltning.

Jon Stolpnessæter og Kristine Brorson presenterer.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 18.09.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!