Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 11. september kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har me følgjande tema:

09:00 «Digital behandlings- og eigenbehandlingsplan -

Ein presentasjon av prosjekt og erfaringar knytt til utvikling og utprøving av ei løysing for å dele behandlingsplanar i helse- og omsorgstenesta»

Helsedirektoratet, NHN og Helse nord har i Prosjektet Digital behandlings- og egenbehandlingsplan, frå 2021-2023, utvikla og prøvd ut ei løysing og eit løysingskonsept som gjer det mogleg å samarbeide om behandlingsplanen til pasienten på tvers av helsevesenet, journalsystem og med pasienten sjølv. Løysinga har blitt utvikla smidig og brukernært, og er prøvd ut med reelle pasientar og behandlarar i Helse nord og kommunane Alta, Tromsø, Bodø og Rana, inkludert fastlegar.

Løysinga som er utvikla er ei minimumsløysing (MVP) som dekkjer dei mest grunnleggjande behova i ein enkel behandlingsplan, som å dele informasjon om problemstilling/diagnose, mål og tiltak.

Ole Kristian Storli tek i presentasjonen for seg kva som er utvikla og erfaringane som er gjorde i samanheng med dette.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 28.08.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09