Vilkår for Digitaliseringsdirektoratet sine arrangement

Desse vilkåra gjeld ved deltaking på Digitaliseringsdirektoratet sine arrangement.

Bindande påmelding

Påmeldinga er bindande etter at påmeldingsfristen er gått ut. Fram til påmeldingsfristens utløp kan du melde deg av via lenke i e-posten med stadfestinga av arrangementet.

Tildeling av plass

Dersom talet på påmeldte blir større enn kapasiteten på arrangementet, vil Digitaliseringsdirektoratet prioritere påmeldte eller be verksemdene som har fleire påmeldte, prioritere plassene. Digitaliseringsdirektoratet reserverer seg retten til å prioritere plassane på enkelte arrangement for å få ei god samansetning av deltakargruppa.

Dekking av utgifter

Utgifter til fagleg innhald og praktisk gjennomføring av arrangement og program dekkes av Digitaliseringsdirektoratet. Det er derfor ingen deltakaravgift for deltakarane med mindre det er særskilt opplyst om dette.

For dei fleste konferansar vil det vere ei deltakaravgift. Utgifter til reise og opphold dekkes av verksemdene.

Økonomisk ansvar

For arrangement hvor Digitaliseringsdirektoratet har deltakeravgift, vil faktura bli sendt direkte til verksemda di.

Avlysning

Digitaliseringsdirektoratet reserverer seg retten til å avlyse planlagde arrangement. Påmeldte deltakarar vil bli informert straks. Eventuelle indirekte kostnadar, som f.eks. reise- og opphaldsutgifter, kan ikkje belastast Digitaliseringsdirektoratet dersom varsel om avlysing blir gitt frå Digitaliseringsdirektoratet innan 2 dagar før oppstart, eller avlysninga kjem av forhald som ligg utanfor Digitaliseringsdirektoratet si kontroll.