Vilkår for Digitaliseringsdirektoratet sine arrangement
Desse vilkåra gjeld ved deltaking på Digitaliseringsdirektoratet sine arrangement.
Bindande påmelding
Påmeldinga er bindande etter at påmeldingsfristen er gått ut. Fram til påmeldingsfristens utløp kan du melde deg av via lenke i e-posten med stadfestinga av arrangementet.
Tildeling av plass
Dersom talet på påmeldte blir større enn kapasiteten på arrangementet, vil Digitaliseringsdirektoratet prioritere påmeldte eller be verksemdene som har fleire påmeldte, prioritere plassene. Digitaliseringsdirektoratet reserverer seg retten til å prioritere plassane på enkelte arrangement for å få ei god samansetning av deltakargruppa.
Dekking av utgifter
Utgifter til fagleg innhald og praktisk gjennomføring av arrangement og program dekkes av Digitaliseringsdirektoratet. Det er derfor ingen deltakaravgift for deltakarane med mindre det er særskilt opplyst om dette.
For dei fleste konferansar vil det vere ei deltakaravgift. Utgifter til reise og opphold dekkes av verksemdene.
Økonomisk ansvar
For arrangement hvor Digitaliseringsdirektoratet har deltakeravgift, vil faktura bli sendt direkte til verksemda di.
Avlysning
Digitaliseringsdirektoratet reserverer seg retten til å avlyse planlagde arrangement. Påmeldte deltakarar vil bli informert straks. Eventuelle indirekte kostnadar, som f.eks. reise- og opphaldsutgifter, kan ikkje belastast Digitaliseringsdirektoratet dersom varsel om avlysing blir gitt frå Digitaliseringsdirektoratet innan 2 dagar før oppstart, eller avlysninga kjem av forhald som ligg utanfor Digitaliseringsdirektoratet si kontroll.