Uu-tilsynet inviterer til lansering av sektortilsynsrapporten om digitale løysingar i helsesektoren. Kva er status – og kva må helsesektoren gjere for å sikre at alle får likeverdig tilgang digitale helsetenester?
Digitale løysingar har blitt ein stadig viktigare inngang til helsetenesta. Vi bestiller timar, les prøvesvar, fornyar reseptar og finn viktig helseinformasjon på nett. Då er det avgjerande at løysingane kan brukast av alle, også menneske med ulike føresetnader.
I 2025 og 2026 har Uu-tilsynet undersøkt digitale løysingar i helsesektoren. Vi har ført tilsyn med private og offentlege verksemder, gjennomført kartleggingar og hatt dialog med brukarorganisasjonar, bransjen og verksemdene sjølve.
No samlar vi funna. I rapporten ser vi på kva som skjer når helsa blir digital: Kven møter barrierar? Kor godt oppfyller løysingane krava til universell utforming? Og kva bør helsesektoren gjere vidare?
Tilsynsdirektør Malin Rygg presenterer funna og Uu-tilsynet sine råd til sektoren. Vi får også kommentarar og perspektiv frå inviterte gjester.
Program
08:15 Kaffi og registrering
09:00 Velkommen
09:05 Presentasjon av rapporten, ved Malin Rygg, tilsynsdirektør i Digdir
09:30 Program under arbeid
10:30 Program slutt
Arrangementet er gratis og det er mogleg å delta enten fysisk eller digitalt. Lenke til digital deltaking vil bli sendt ut i forkant av arrangementet.