Hopp til hovudinnhald

Søknadsprosessen vart oppfatta som uoversiktleg og lite føreseieleg for brukarane. UDI har derfor sett i verk ei rekkje tiltak.

Involverte aktørar: Utlendingsdirektoratet, Politidirektoratet og Utanriksdepartementet

Leverandør: PwC og Livework

Om prosjektet

Det var behov for å sjå heilskapleg på søknadsprosessen, og syte for at både søknadsportalen, sjekklistene på udi.no, lenkjer og informasjon på ambassadane sine nettsider, og informasjon som blir gjeven i rettleiinga, er betre tilpassa brukarane sine behov.

Samtidig må det vere tydeleg kva utlendingsforvaltninga forventar og treng av dokument og opplysningar for å kunne behandle søknaden. Forvaltninga opplever at søknader ved innlevering ikkje er fullstendige og brukarane må anten møte opp fleire gonger eller søknaden blir avslegen fordi han ikkje inneheld alle dokumenta forvaltninga treng for å gjere vedtak i saka.

Dette er ofte unødvendige avslag som fører til klagar, fleire førespurnader, og nye rundar i systemet. Det gjev auka ressursbruk både for brukarane og forvaltninga.

Brukerrettet familieinnvandringsprosess

Nokre iverksette tiltak

  • ny søknadsløysing på nett
  • felles saksbehandlingstid og forplikting i utlendingsforvaltninga
  • behandle familieinnvandringssak parallelt med asylsak
  • tilpassa sjekkliste og gradvis forbetring av digitale flater
  • informasjon om eittårsfristen

Nokre identifiserte gevinstar

  • betre ressursutnytting hos UDI og UNE med redusert ventetid på vedtak
  • auka livskvalitet for brukarar
  • auka brukartilfredsheit
  • betre ressursutnytting med redusert ventetid på vedtak
  • auka tillit til utlendingsforvaltninga