Hopp til hovudinnhald

Korleis kan eit land som Noreg få den gjennomsnittlege innbyggjaren til å endre kosthaldet frå å vere kjelde til dei store helse- og miljøproblema, til å gjere riktig kosthald til ein del av løysinga.

Verksemder: Folkehelseinstituttet (FHI) og EAT

Leverandør: Comte Bureau og Deloitte

Om behovet og utfordringa

Matdugnaden var eit samarbeidsprosjekt mellom Folkehelseinstituttet, EAT Foundation, Comte Bureau og Deloitte. Målet har vore å identifisere kvar og korleis ein kan gå fram for å få til ei varig systemendring mot eit sunnare og meir berekraftig kosthald.

Vi treng ein dugnad fordi det berre er gjennom samarbeid mellom alle involverte aktørar i matsystemet at vi vil finne løysingane som vil kunne levere sunnare og meir berekraftig kosthald i Noreg. Derfor har vi kalla prosjektet Matdugnaden.

Føremålet med prosjektet var å identifisere kvar og korleis ein kan gå fram for å få til ei varig systemendring mot eit sunnare og meir berekraftig kosthald i Noreg. Ein del av dette har vore å utforske og utvikle:

  1. Ein felles definisjon av sunt og berekraftig kosthald «på norsk» basert på innspel frå alle aktørane vi har involvert i prosjektet.
  2. Skape ei oversikt over heile det norske matsystemet slik det ser ut i dag.
  3. Kvar det er viktigast å skape endring først for å oppnå størst mogleg effekt av prosjektet.
  4. Korleis ein kan styrkje arbeidet til dei som alt jobbar med å skape eit sunt og berekraftig kosthald.

Om prosjektet

Det eksisterer ikkje éi løysing på samansette systemutfordringar. Fleire intervensjonar og innsatsar må setjast i gang, gjerne samtidig og i samspel med kvarandre, for å lykkast med varig systemendring. Eit første steg for å lykkast med systemendringar er likevel å identifisere kvar i systemet det er størst potensial for påverknad, og kvar dei største gevinstane i systemet ligg. Identifiseringa av området for påverknad av systemet vart utført gjennom 15 djupneintervju og to arbeidsverkstader med totalt 50 sentrale aktørar i matsystemet.

Trass i ulike interesser og utgangspunkt for å diskutere moglegheiter i matsystemet, var alle samde om følgjande:

  • Endra etterspørsel må til for å endre kva som blir produsert og tilbydd.
  • Barn og unge er ei heilt sentral målgruppe der det er store potensial for god effekt.
  • Det offentlege har stor makt og påverknadskraft på marknaden som anskaffar, servitør, tilretteleggjar og inspirator.
  • Ta utgangspunkt i Noreg og moglegheitene våre, men ta inn over oss at Noreg er ein del av det globale matsystemet.
  • Pris og tilgang er viktigare enn mange vil innrømme - og sannsynlegvis det viktigaste kriteriet for val av mat.

Med dette bakteppet identifiserte prosjektet desse moglegheitsområda for påverknad:

  1. Mat til barn og unge: Handlar om styrking av, forståing for og kunnskap om mat hos barn og unge.
  2. Sunn konkurranse: Handlar om å få daglegvarekjedene til å konkurrere om kundane basert på andre premissar enn pris.
  3. Lett å gjere rett: Handlar om korleis vi kan spele på det kjenslemessige/irrasjonelle aspektet i kjøpssituasjonen, og skape ny åtferdsarkitektur som dultar forbrukaren i riktig retning.
  4. Optimalisere utnytting av landbruksareal: Handlar om å utnytte norske ressursar optimalt.
  5. Påverknad gjennom offentlege måltid.

Prosjektet valde å gå vidare med sistnemnde område for påverknad. I dette ligg det å undersøkje korleis offentlege verksemder kan bruke kjøpekrafta si til å påverke etterspørselen, og korleis dei kan bidra til å skape nye vanar ved å introdusere sunnare og meir berekraftig måltid ved serveringsstadene sine.

Resultat

Prosjektet vart gjennomført i 2019–2020. Aktørane har for første gong kartlagt heile det nasjonale matsystemet og interaksjonen det har med forvaltninga, helsetenestene og enkeltindividet.

Viktige leveransar:

  • Matkartet: Ei visuell kartlegging av det norske matsystemet.
  • Retningsval: Korleis kan offentlege verksemder servere sunnare og meir berekraftig mat?

Fire mekanismar som forklarer kvifor det ikkje blir servert meir sunn og berekraftig mat i offentlege verksemder:

  1. Mat blir ikkje knytt til berekraft eller folkehelse.
  2. Systematisk feilplassering av kompetanse, og manglande involvering av rette personar.
  3. Anskaffingsmessige halvsanningar dominerer avgjerdsprosessen.
  4. Verksemdene manglar verktøy for å finne fram til det berekraftige måltidet.

Vi har jo ein sånn klimastrategi, men det er langt mellom liv og lære - og maten trur eg ikkje er nemnt der.

Gevinstar

Arbeidet har identifisert fleire moglegheitsrom på individ- og systemnivå. Prosjektet har særleg sett på problemstillingar på systemnivå og fokusert spesielt på måltida som blir serverte i regi av offentleg sektor. Her åleine ligg det årlege potensielle samfunnsgevinstar på rundt 100 millionar kroner ved å gjere kosthaldet sunnare og meir berekraftig.

Vegen vidare

Tilrådingane frå prosjektet til framtidige investeringsområde:

  1. Samskapande produktutvikling
  2. Investere i lokal produksjon
  3. Sunt og berekraftig som standardval
  4. Synleggjere gevinstane av sunt og berekraftig kosthald