Hopp til hovudinnhald

Termlosen er ein standard for omgrepsanalyse og terminologiarbeid.

Standarden inngår i følgande bruksområde:

Krav

Anbefalt.

Beskriving

Termlosen vert gitt ut og forvalta av Språkrådet. Termlosen gir ei kort innføring i omgrepsanalyse og terminologiarbeid. Den gir mellom anna råd om organisering og praktisk gjennomføring av terminologiarbeid, omgrepsanalyse, korleis ein skriv gode definisjonar, og korleis termlister skal byggast opp (metodisk identifisering og strukturering).

Status

Anbefalinga er gjeldande. Den vart første gong innført i oktober 2012.

Gjeldande versjon av standarden

Rettleiar

Det er ikkje sett som naudsynt med ein eigen rettleiar for denne standarden.