Hopp til hovudinnhald
21. november 2023
3 minutt å lese

Korleis sikrar vi heilhetleg og rett informasjon til dei som treng det aller mest? Kan kunstig intelligens bidra til å løyse behov med mindre ressursbruk og betre kvalitet? Og korleis skal vi jobbe saman for å sikre heilhetleg informasjon frå det offentlege?

Dette var nokre av spørsmåla vi fikk bryne oss på i fellesskap frå scenen under årets NOKIOS i Trondheim i oktober 2023.
Det er ikkje lett å sette brukaren i sentrum i mylderet av informasjon frå det offentlege når det offentlege sjølv er organisert i siloar. Då må vi danne band på tvers av siloane og saman finne løysingar på felles utfordringar. Vår sesjon på Årets NOKIOS var ein god demonstrasjon på velfungerande samarbeid mellom fleire offentlege aktørar og ei spennande startup-bedrift med bakgrunn frå NTNU.

Opptak fra hele sesjonen på NOKIOS

(Det er lagt på KI-generert tekst, men den er ikkje kvalitetssikra og difor ikkje heilt korrekt enda)

Fleire initativ undervegs

Det er no fleire initiativ på gang for å skape eit heilhetleg og brukarvenleg informasjonstilbod for ulike brukargrupper. På NOKIOS blei vi kjend med arbeidet i to av livshendingane frå Digitaliseringsstrategien - En digital offentlig sektor:

  • IMDi har laga ei nettside – nyinorge.no – som i framtida skal samle all relevant informasjon for nye flyktningar og innvandrarar til Noreg på ein stad, men som i første omgang dekker informasjon for ukrainske flyktningar.
  • Livshendinga Alvorleg sjukt barn, leia av Helsedirektoratet, utforskar ulike konsept og løysingar for å gjere det enklare for pårørande til barn med samansette utfordringar å navigere i informasjonsjungelen. Blant anna har dei sett på korleis kunstig intelligens (KI) kan løyse desse utfordringane. Med seg på laget har dei KI-startup’en Append Consulting.

Digdir har vore tett på desse initiativa med mål om å fange opp tverrgåande behov og vurdere korleis desse kan løysast i fellesskap. I tillegg ser Digdir på om løysingane som dei ulike livshendingane produserer kan skalerast opp til å bli felles nasjonale løysingar.

Komplekst og tidskrevjande å finne informasjon

På NOKIOS informerte Karete Hvidsten i Digdir om utfordringane ved at ulike offentlege etatar har kvart sitt ansvarsområde og at informasjonen dei publiserer for brukarane som oftast kun gjeld dette området. I samansatte brukarsituasjonar, der brukaren har behov for informasjon og tenester frå ei rekke offentlege aktørar samstundes, vert det spesielt tidkrevjande og komplekst for brukaren å finne relevant informasjon. Vidare peikte Digdir på fråværet av felles reglar og retningsliner for korleis leggje fram informasjon for brukarane. Då er det ein naturleg, om enn utilsikta, konsekvens at informasjon og tenester blir bygd på kvar sin måte utan å leggje til rette for tverrgåande samhandling.

Reisa mot tenesta ny i Noreg

Digitaliseringsdirektør Christine Stautland i IMDi følgde opp med eit innlegg om reisa mot tenesta nyinorge.no. For denne brukargruppa er faren for feilinformasjon stor grunna deling av ikkje-kvalitetssikra informasjon i sosiale medium. Dette var ein viktig motivasjon for etableringa av nettstaden. I prosjektet har dei jobba utforskande og vurdert ulike løysingar. Val av teknologi var viktig og prosjektet har gått for ein teknologi kalla «headless content management system» som opnar for meir fleksibel forvalting av innhald samanlikna med tradisjonelle CMS-er (Content Management System). IMDi understreka vidare at skalering er viktig – tenesta må kunne vekse i takt med informasjonsbehovet. Endringar i brukarbehov og nye teknologiar vil krevje justering av tenesta. Dette må det leggast til rette for heilt frå start ved å blant anna sørge for ein smidig arkitektur.

Relevant informasjon til dei med alvorleg sjukt barn

Kunstig intelligens-startup Append Consulting presenterte løysinga dei har utvikla inn mot livshendinga Alvorleg sjukt barn. Dagleg leiar Daniel Schiøtz viste sin språkmodellteneste der brukar kan leggje inn relevant informasjon om sin situasjon og få opp ein artikkel med all relevant informasjon. Teknologien hentar informasjonen frå ein kvalitetssikra informasjonsdatabase der innhald er lagra saman med vektorar gjennom embedding. Treff ikkje artikkelen brukaren sitt informasjonsbehov, kan brukaren legge inn tilleggsinformasjon som då spissar eller justerar artikkelen ein får i retur.

NOKIOS-sesjonen vart avslutta med ein paneldebatt der publikum fekk moglegheit til å stille spørsmål til panelet.

Vi er på veg til å finne moglege løysingar på ei særs krevjande og utfordrande problemstilling. Offentleg sektor utforskar KI og annan ny teknologi, og vi samarbeider på tvers av sektorar og fagområde.

Digdir sine verkemiddel gir resultat

Det er gledeleg å sjå at Digdirs verkemiddel verkeleg gir resultat i store og komplekse samanhengar. Livshendinga Alvorleg sjukt barn har brukt Stimulab, Medfinansieringsordninga, StartOff og Digitaliseringsrådet, eit verkemiddelapparat som til saman har opna for nye spennande moglegheiter i møte med komplekse problemstillingar knytt til digitalisering av offentleg sektor.

Karete Hvidsten
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Anne Karete Nowers Hvidsten

Karete har jobbet med informasjonsforvaltning og datadeling i Digdir siden 2018. Hun er en del av Nasjonalt ressurssenter for deling og bruk av data som jobber for å øke verdien av data og datadeling i norsk offentlig og privat sektor. Hennes bakgrunn er bibliotek- og informasjonsvitenskap og hun har erfaring fra både norsk og canadisk offentlig sektor.

Portrettbilde Kristian Bergem
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kristian Bergem

Bergem har jobbet som virksomhetsarkitekt i Digdir siden september 2023 med arbeidsområdene nasjonal arkitektur, felles økosystem og sammenhengende tjenester. Han har tidligere erfaring som virksomhetsarkitekt og IT-strateg i stillinger som avdelingsdirektør fellesløsninger 2 i Udir, sektor ansvarlig IT for oppvekst i Bærum kommune, seniorrådgiver i Difi, MOD, FAD, AAD, SHdir. Før det jobbet han 10 år med tjenesteutvikling i privat sektor.

Forfattarar

Karete Hvidsten
Anne Karete Nowers Hvidsten
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Portrettbilde Kristian Bergem
Kristian Bergem
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarar (2)

A

Alexander Skage

23. november 2023

"Fra silo til sammenheng" er et utrolig viktig tema, jeg er glad dere setter det på agendaen! Det er likevel en ting som mangler - teknologi som gjør det mulig å se sammenheng på tvers av siloer. Føderert læring er nettopp en slik teknologi, vurdert nylig av oss og Datatilsynet i deres sandkasse som et revolusjonerende verktøy for bedre AI og personvern. Vi bistår gjerne med å formidle mulighetene som ligger i denne teknologien - det er altfor få som kjenner til den per i dag. Ta gjerne kontakt, så vi kan snakkes om hvordan denne teknologien nettopp kan skape sammenheng på tvers av siloer!

In reply to by Alexander Skage (ikke verifisert)

K

Karete Hvidsten

27. november 2023

Hei Alexander! Takk for interessen for temaet. Teknologi er absolutt en viktig komponent, selv om vi er bevisste på at det er mye annet som også må på plass. Vi hører gjerne om muligheten som ligger i føderert læring! Hilsen Karete, Digdir

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
1 + 1 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.