Hopp til hovudinnhald

Kva er digital samhandling?

Når vi driv digital samhandling, handlar det hovudsakeleg om gjenbruk av data, løysingar og tenester.

Slik gjenbruk er ikkje alltid beint fram. Ein må til dømes ha klare avtalar om kven det er som er ansvarlege for kvaliteten på ei tjeneste ein utvekslar. Vidare må lovverket legge til rette for utveksling: I mange tilfeller ser ein at lover set grenser for kva data samla inn til eit føremål kan brukast til av andre. Ved utveksling av data er det gjerne ei forutsetning at ein nyttar same omgrep. Og IT-systema må i alle høve kunne snakke saman.

Digital samhandling har to sider. På den eine sida handlar det om å gjenbruke andre sine data, løysingar og tenester i utviklinga av eigne digitale tenester. På den andre sida dreier det seg om å legge til rette for gjenbruk, slik at andre kan bruke dine data, løysingar og tenester i si tenesteutvikling.

Korleis samhandlar vi?

Føresetnadane for å lukkast med digital samhandling kallar vi gjerne for samhandlingsevne (eller interoperabilitet). Samhandlingsevnen er eit resultat av fleire ting. For å strukturere dette brukar vi fire dimensjonar: juridiske, organisatoriske, semantiske og tekniske tilhøve.

Figur som viser de fem forskjellige typene samhandling: Juridisk, organisatorisk, semantisk, teknisk, samt styring og forvaltning.

Dette er kjernen i det norske rammeverket for digital samhandling. Dei fire dimensjonane hjelper oss med å identifisere føresetnader - og hindringar - for å kunne utveksle data, tenester og løysingar. Rammeverket gir difor støtte til gode prosessar som gir fleire offentlege digitale tenester som snakkar saman.

Kvifor skal vi samhandle?

OECD meiner at Noreg er langt nede på lista når kjem til digitalisering på tvers av sektorane, og mellom kommunar og stat. Riksrevisjonen uttalar at potensialet for å bli betre på samhandling på tvers av sektorar og departementsområder er stort, og at statlege verksemder berre delvis gjenbrukar informasjon. Målsettinga "effektiv digitalisering av offenlteg sektor" i Digital agenda for Norge peiker på at stat, kommune og ulike sektorar bør nytte fellesløysingar for å dekke like behov. Som ei følgje av dette har Noreg underteikna Tallinn-erklæringa (6. november 2017) saman med EU og andre EFTA-land. Erklæringa forpliktar Norge til å implementer European Interoperability Framework (EIF) gjennom eige nasjonalt rammeverk.

I digitaliseringsrundskrivet er rammeverket tilrådd nytta ved utvikling av digitale løysingar som skal samhandle med andre.

Digital samhandling er særleg relevant i arbeidet med samanhengande tenester. Samhandlingsevnen er på mange måtar ei samanstilling av tilhøve som seier noko om i kva grad ei digital teneste er i stand til å inngå i større tenestekjeder.