Hopp til hovudinnhald

Tilgang

Barrierar som handlar om tilgang er til dømes mangel på eigna utstyr, som smarttelefon eller datamaskin, dårleg internettilgang, eller mangel på elektronisk identitet.

Brukarane manglar tilgang til den digitale tenesta dei skal bruke

Tal frå Digdir si brukarstøtteundersøking om digitalt utanforskap viser at 36 prosent av dei registrerte samtalane handlar om manglande tilgang. Av dei samtalane var det 42 prosent som ringte på vegne av andre personar.

Nøkkeltal

Tre nøkkeltal om tilgang

8
%

Av den vaksne befolkninga har ikkje bank-ID (Forbrukerrådet, 2022)

85 000

Husstandar har ikkje rask internett (Nkom, 2023)

99
%

Av norske husstandar har tilgang til internett (Forbrukarrådet, 2022)

I følge Forbrukerrådets undersøking manglar 8 prosent av befolkninga bank-ID. Undersøkinga viser òg at heile to av ti studentar/lærlingar enten ikkje brukar, har eller kjenner til bank-ID.

Regjeringa har satt mål om at alle husstandar skal ha tilgang til rask internett (minst 100 Mbit/s). 85 000 manglar tilgang til rask internett i 2023.

99 prosent av husstandane i Noreg har tilgang til internett, uavhengig av hastigheit. Figuren nedanfor viser utviklinga over tid.