Hopp til hovudinnhald

Kor mange opplever digitalt utanforskap?

Digdir meiner at kvar femte innbyggjar kan vere sårbar i møte med offentlege digitale tenester.

Det er ei rekke barrierer som kan føre til digitalt utanforskap. Basert på eit rammeverk utvikla av Trude Midtgård og kolleger kan ein sjå på hindringar knytt til tilgang, digital kompetanse, helse- og livssituasjon, forvaltningsforståelse og språkferdigheter.

850 000 er digitalt sårbare

Basert på eksisterande talgrunnlag estimerer Digdir at om lag 20 prosent av den vaksne befolkninga, tilsvarande 850 000 personar, er sårbare i møte med offentlege digitale tenester.

Det inneber ikkje at kvar femte person ikkje er i stand til å delta digitalt. Digitalt utanforskap er ikkje nødvendigvis eit spørsmål om anten-eller. Det kan til dømes vere snakk om mellombels nedsett funksjonsevne, krevjande livssituasjon eller nytt og uvandt brukargrensesnitt. Vi meiner difor det er betre å snakke om i kva grad brukarar er sårbare i møte med digitale tenester.

Dansk kartlegging

Til samanlikning fann ei kartlegging frå Danmark frå 2021 at mellom 17 og 22 prosent av befolkningen sto i fare for å oppleve digitalt utanforskap.