Hopp til hovudinnhald

Har vi tillit nok til framtidas digitale tenester?

Innsyn og transparens er stikkord for å vedlikehalde tilliten og unngå usikkerheit i befolkninga.

Det offentlege tenestetilbodet er i endring, og mange snakkar om at vi ser aukande bruk av automatisert sakshandsaming og kunstig intelligens. Dette er teknologiar som kan effektivisere arbeidet i offentleg sektor. Kombinert med auka bruk og gjenbruk av data skal kunstig intelligens hjelpe offentleg forvaltning gjere meir, betre, billigare og raskare.

Men, har vi eigentleg nok tillit til dette? Her er eit par datapunkt:

  • Innbyggjarundersøkinga 2024 syner at 28 prosent av befolkninga svarar negativt når dei blir spurt om kva grad av tillit dei har til offentleg forvaltning, ei negativ auke fra 19 prosent i 2021.
  • Ei OECD-undersøking syner at 77 prosent av nordmenn har høg tillit til offentlege myndigheiter. Men det inneber òg at 23 prosent, nesten éin av fire, har låg tillit.

Kunstig intelligens er eit komplekst fenomen, som utfordrar det tradisjonelle byråkratiet når det gjeld juridiske og regulatoriske tilhøve, personvern og sikkerheit. Men det kan òg skape usikkerheit hos innbyggjarane, og utfordre tilliten til vedtak fatta av algoritmer framfor sakshandsamarar av kjøtt og blod.

Skal offentleg sektor dra nytte av framtidas digitale tenester, må ein òg bidra til at innbyggjarane har tillit til dei. Dette handlar mellom anna om å gi innsyn i beslutningsprosessar og vere transparente i designet av tenestene. Men det handlar òg om auke folk si forståing av dei etiske, sosiale og rettslege utfordringane som følgjer bruken av automatiserte tenester og kunstig intelligens.

I Digdir arbeider vi med desse problemstillingane. Mellom anna har ph.d.-stipendiat Heather Broomfield laga ein podcast med Are Kvistad om emnet.