FN sin E-Government Development Index
EGDI er ein indeks som gir eit mål på kor godt eit land legg til rette for at innbyggjarane skal kunne vere digitale. Medan Noreg tidlegare låg heilt i toppen av rangeringa, stadfester 2024-utgåva at Noreg ikkje lenger er mellom landa med høgast grad av digital utvikling.
FN oppdaterer annakvart år dei to indeksane sine for digital utvikling: E-Government Development Index (EGDI) og E-Participation Index (EPART). Indeksane dekker 193 land.
Kva måler FN sine indeksar?
EGDI måler kor langt landet er kome i digitaliseringa av offentlege tenester, samt føresetnadene for å bruke desse. Denne er delt i tre områder: dei offentlege digitale tenestene, den digitale infrastrukturen, og dei digitale ferdigheitene i befolkninga (humankapitalen).
EPART måler meir spesifikt innbyggjarane sitt høve til å ta del i den politiske prosessen gjennom digitale verktøy. Den ser på i kva grad internett og digitale plattformer bli nytta for å informere, involvere og medverke i avgjersleprosessar.
Merk at Noreg ikkje svara på undersøkinga som ligg til grunn for indeksane i 2024, noko som kan innebere at datagrunnlaget for Noreg ikkje er oppdatert og kvalitetssikra.
Utvikling i vurderinga av Noreg
Figuren under viser Noreg sine plasseringar for dei to digitaliseringsindeksane som FN står for. Ser ein først på EGDI, finn vi at Noreg tidlegare var blant landa som skåra høgast. Beste plasseringa var i 2008, då vi var tredje beste land. Etter det gjekk plasseringa nedover, før den igjen stabiliserte seg rundt 15. beste land – noko som òg er plasseringa Noreg får i 2024-utgåva av indeksen.
For EPART er inntrykket noko annleis. Her har Noreg si plassering variert over tid. Beste plasseringa var i 2018, med ein 11. plass. Men allereie fire år seinare hamna Noreg på ein 43. plass. I 2024 vart Noreg rangert som 22. beste land.
Nærare om 2024-resultata
EGDI er ikkje utforma for å måle den digitale utviklinga i absolutt forstand; føremålet er snarare å vise korleis land presenterer relativt til kvarandre. Difor har vi sett nærare på korleis Noreg gjer det samanlikna med topp 3-landa for indeksen, samt dei nordiske landa.
Noreg skårar lågast av dei nordiske landa på EGDI for 2024, med ca. 93 prosent av maksimal poengsum. Danmark er det landet som gjer det best på indeksen, med vel 98 prosent.
Ser ein nærare på dei einskilde områda, er infrastruktur den som Noreg skårar høgast på (ca. 97 prosent). Likevel er Noreg lågast rangert blant landa i figuren. Faktisk er det det området vi i poengsum gjer det dårlegast – tenester, med 91,17 prosent – at vi har høgast relative plassering – fjerde beste land blant dei sju i figuren.