Hopp til hovudinnhald

Personvernombod i Digitaliseringsdirektoratet

Sidan Digitaliseringsdirektoratet er ei offentleg myndigheit, har vi eit eige personvernombod i verksemda.

Personvernombodet har ei sentral rolle i det nye personvernregelverket. Hensikta med personvernombod er å styrke verksemda si evne til å etterleve regelverk for behandling av personopplysningar. Ein dedikert person, som både skal kunne opptre uavhengig og som er fagleg kompetent, aukar sikkerheita for at verksemda følger reglane i praksis. Dette kjem til nytte for både verksemda sjølv og dei som verksemda behandlar personopplysningar om.

Personvernombodet si rolle og oppgåver følger av personvernforordninga (artiklane 37, 38 og 39). Sentrale gjeremål er å gi råd i eigen organisasjon og å følge med på korleis eiga verksemd etterlever personvernregelverket. Personvernombodet sitt arbeid skjer altså i stor grad internt i eigen organisasjon, men ombodet har også ein viktig funksjon som kontaktperson for dei som verksemda behandlar personopplysningar om. Personvernombodet har teieplikt.

Les meir om personvernombodsordninga hos Datatilsynet.

Førespurnader til personvernombodet vårt

Du kan ta kontakt med personvernombodet vårt, men ikkje om alle typar spørsmål. Førespurnader til personvernombod vårt må dreie seg om Digitaliseringsdirektoratet si eiga behandling av personopplysningar, og då i hovedsak knytt til personopplysningar om deg. Eksempel på dette kan vere spørsmål om rettar, typisk innsyn i eigne personopplysningar behandla av Digitaliseringsdirektoratet. Det er viktig for oss å formidle at du kan rådføre deg med personvernombodet vårt.

Vårt personvernombod treff du på e-postadressa personvernombud@digdir.no.

Eller du kan sende post til:

Digitaliseringsdirektoratet
Postboks 8115 Dep.
0032 Oslo
Merk konvolutten "Digitaliseringsdirektoratet sitt personvernombod"

Førespurnader som ikkje skal til personvernombodet

Personvernombodet svarer verken på generelle spørsmål om regelverk eller spørsmål om bruk av personopplysningar i andre verksemder enn Digitaliseringsdirektoratet. Datatilsynet er rett rettleiingsorgan for slike førespurnader og rettleiingstjenesta deira svarer på denne typen førespurnader.