Hopp til hovudinnhald

Kva er Digitaliseringsdirektoratet?

Digdir skal være regjeringa sitt fremste verktøy for effektiv og samordna digitalisering av offentleg sektor og av samfunnet øvrig, herunder bidra til digitalisering i næringslivet.

Illustrasjon som viser to personer som holder rundt hverandre, foran stor skjerm. Tekst: Saman for ein enklare digital kvardag.

Digitaliseringsdirektoratet har Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet som overordna fagdepartement.

Regjeringa har ein ambisjon om at offentleg sektor i Noreg skal vere verdsleiande på digitalisering. Det skal mellom anna skje gjennom fellessatsingar og tenester for å skape ein felles digital offentleg sektor. Det inneber at staten, kommunane og heile forvaltningsapparatet skal samarbeide med næringslivet og frivillige organisasjonar, slik at vi – saman – kan utnytte det moglegheitene digitalisering gir oss og kan skape.

Teknologi – og menneske

Digdir si rolle er å trekke utviklinga i den retninga som tener fellesskapet best. Digdir skal også sørge for at Norge handterer utfordringane digitalisering kan medføre, til dømes på informasjonssikkerheit og personvern. Og ikkje minst: Digitalisering handlar ikkje berre om teknologi, men minst like mykje om menneska teknologien skal fungere for.

Innbakt i regjeringa og KS sin ambisjon i digitaliseringsstrategien for offentleg sektor (Én digital offentlig sektor) ligg det derfor ein klar marsjordre til Digdir om å legge til rette for og skape gode møte mellom teknologien og menneska, anten dei er innbyggarar, frå næringslivet eller representerer ein frivillig organisasjon.

Samfunnsoppdrag og visjon

Samfunnsoppdraget til Digdir er å vere regjering sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av samfunnet – sjølvsagt i tett samarbeid med mange andre aktørar i både offentleg og privat sektor.

Alt dette ligg i Digdir sin visjon: Saman for ein enklare digital kvardag.

Hovudfunksjonar

Digitaliseringsdirektoratet har følgande hovudfunksjonar:

  • bidra til utvikling og gjennomføring av regjeringa sin ikt-politikk
  • premissgivar for digitalisering og heilskapleg informasjonsforvaltning
  • premissgivar for innovasjon i offentleg sektor og eit særleg ansvar som tilretteleggar for godt samspel mellom aktørane på feltet
  • koordinering av tverrgåande digitaliseringstiltak
  • strategisk planlegging og vidareutvikling av ein heilskapleg digital infrastruktur for offentleg sektor
  • samordnar og pådrivar i offentleg sektor sitt arbeid med førebyggande informasjonssikkerheit
  • fremje klart språk i offentleg sektor
  • utvikling av digitale tenester for innbyggarar, kommunar og næringsliv
  • drift, forvaltning og videreutvikling av felleskomponentar og fellesløysingar
  • tilsyn for universell utforming av ikt

I Brønnøysund, Leikanger og Oslo

Digitaliseringsdirektoratet har om lag 330 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Digitaliseringsdirektoratet har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt som har ei særskilt uavhengig rolle.

Under same paraply frå 2020

Eit omfattande sett av oppgåver, tenester og ansvarsområde, som vart samla under same paraply då Digdir var oppretta 01.01.2020. Då gjekk Altinn og delar av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og delar av det tidlegare Direktoratet for forforvaltning og ikt (Difi) saman for å danne spydspissen i Noreg på digitalisering.

Samtidig vart avdeling for leiiing og avdeling for utgreiing og analyse overført frå Difi til Direktoratet for økonomistyring, som skifta namn til Direktoratet forvaltning og økonomistyring (DFØ). Frå 1.9.2020 var også avdeling for offentlege anskaffingar overført frå det nye Digitaliseringsdirektoratet til DFØ.