Kva er Digitaliseringsdirektoratet?

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av samfunnet.

Digitaliseringsdirektoratet har Kommunal- og moderniseringsdepartementet som overordna fagdepartement. Direktoratet vart formelt oppretta 1. januar 2020 gjennom ei samanslåing av Altinn og ein del av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og avdelingar frå det tidlegare Direktoratet for forvalting og ikt (Difi).

Dette sa digitaliseringsminister Nikolai Astrup i pressemeldinga om etableringa av Digitaliseringsdirektoratet 14. mars 2019:

Min ambisjon er at Noreg skal være leiande i verda innan digitalisering av offentlege tenester. Målet er at digitalisering skal bidra til betre og meir tilgjengelege offentlege tenester, forenklingar og auka verdiskaping for næringslivet og ein enklare kvardag for folk flest. For å oppnå dette, har regjeringa bestemt at våre spydspissar i digitaliseringsarbeidet – Difi og Altinn – skal samlast i eit nytt digitaliseringsdirektorat.

Digitaliseringsdirektoratet har følgande hovedfunksjonar:

  • Bidra til utvikling og gjennomføring av regjeringa sin ikt-politikk
  • Premissgivar for digitalisering og heilskapleg informasjonsforvaltning
  • Premissgivar for innovasjon i offentleg sektor og eit særleg ansvar som tilretteleggar for godt samspel mellom aktørane på feltet
  • Koordinering av tverrgåande digitaliseringstiltak
  • Strategisk planlegging og vidareutvikling av ein heilskapleg digital infrastruktur for offentleg sektor
  • Samordnar og pådrivar i offentleg sektor sitt arbeid med førebyggande informasjonssikkerheit
  • Forvalte og utvikle klart språk
  • Utvikling av digitale tenester for innbyggarar, kommunar og næringsliv
  • Drift og forvaltning av felleskomponentar og fellesløsningar
  • Tilsyn for universell utforming av ikt

I Brønnøysund, Leikanger og Oslo

Digitaliseringsdirektoratet har om lag 330 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Digitaliseringsdirektoratet har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt som har ei særskilt uavhengig rolle.