Regjeringa vil at alle offentlege verksemder skal ta i bruk kunstig intelligens innan 2030, og marsjordren ser ut til å fungere. Møtet som vert arrangert av Teknologirådet byr på innleiing frå digitaliseringsministeren, erfaringar frå prosjekt som alt er i gang, og diskusjon av omsyn vi må ta.
I første omgang har kunstig intelligens (KI) blitt tatt i bruk internt i offentleg sektor. Neste steg kan vere at KI blir brukt i direkte kontakt med innbyggjarane. Det gir moglegheiter for nye og meir brukarvennlege tenester, men inneber òg risiko.
Teknologirådet har sett nærare på korleis KI kan kome tett på folk, og kva for verdispørsmål og etiske dilemma det kan føre med seg. Det å få råd og støtte under svangerskap, trenge psykisk helsehjelp eller fange opp unge som fell utanfor skule og arbeidsliv, er døme på situasjonar der KI kan spele ei viktig rolle.
På dette møtet presenterer Teknologirådet kva innbyggjarane meiner, og vi får høyre erfaringar frå prosjekt som allereie er i gang. Digitaliseringsminister Karianne Tung vil innleie møtet.
Program:
Innleiing:
Kunstig intelligens i offentleg sektor – Karianne Tung, digitaliseringsminister
Kva meiner innbyggjarane?
Ellen Strålberg, prosjektleiar i Teknologirådet
Innsikt frå eit innbyggjarpanel som har diskutert KI-tenester for gravide, KI-psykologar og ungdom med fare for å falle utanfor skule og arbeidsliv.
Erfaringar frå prosjekt som er i gang:
- Helsehjelppiloten i Kristiansand – Magnus Wanderås, prosjektleiar, Kristiansand kommune
Kommunen skal lage ein digital inngangsport til dei akutte helsetenestene, der innbyggjarane kan få konkrete råd om eigenomsorg når dei må ta kontakt med helsetenestene. - MinVeileder – Bredo Swanberg, prosjektleiar i Digitaliseringsdirektoratet
Prosjektet er knytt til livshendinga dødsfall og arv, og skal bruke KI til å foreslå stønader den etterlatne har krav på, basert på personlege data.
Panelsamtale: Kva er viktig å tenkje på når offentleg sektor skal ta i bruk KI?
- Hilde Lovett, prosjektleiar i Helsedirektoratet. Hilde leiar vurderinga av ei ny nasjonal teneste for helserelaterte spørsmål, basert på generativ KI.
- Michael Riegler, Simula/OsloMet. Michael underviser i eit nytt studie om kunstig intelligens i offentleg forvaltning.
- Frode Hauge, Vest politidistrikt. Gjennom prosjektet Tverrspråkleg effektiv kommunikasjon (TEK) ynskjer politiet å fjerne språkbarrierar for innbyggjarar som ikkje snakkar norsk eller engelsk. Prosjektet utviklar og testar KI-baserte løysingar i situasjonar der det i dag ikkje finst gode tolkealternativ.
- Magnus Wanderås, Kristiansand kommune
- Bredo Swanberg, Digitaliseringsdirektoratet