DigiVestland og KS Vestland arrangerer i samarbeid med Språkrådet og klarspråksavdelinga i KS, en konferanse om klarspråk for alle som har ansvaret for og jobbar med tenester til innbyggjarar, tilsette eller politikarar.
Konferansen er for deg som jobbar i det offentlege, anten du er saksbehandlar, servicemedarbeidar, kommunikasjonsrådgivar, eller på andre måtar kommuniserer på vegner av ein kommune, fylke eller statleg etat.
Få innsikt og inspirasjon gjennom nyttige innlegg. Lær korleis vi kan samarbeide betre, jobbe smartare, og utnytte moglegheitene som allereie finst.
Kva kan du forvente?
Siste nytt frå klarspråksarbeidet: Få innsikt i dei nyaste trendane og metodane innan klarspråk med tips og råd for godt skrivearbeid.
Klarspråk og kunstig intelligens: Forstå korleis kunstig intelligens fungerer og korleis vi kan bruke det i arbeidet med klarspråk.
Nettverksmoglegheiter: Møt kollegaer som jobbar med klarspråk og digitalisering.
Praktiske råd og dokument: Ta med deg heim konkrete døme og nyttige verktøy for å forbetre språket ditt.