Hopp til hovudinnhald

Korleis kan ein designe verktøy og rutinar for å forstå støttebehov blant unge vakse med nedsett funksjonsevne, og sikre meir treffsikre tenester?

Ansvarleg verksemd: (nye) Moss kommune (samanslåing av dagens Moss og Rygge kommunar, frå 1.1.2020)

Leverandør: Designit

Behovet som skal dekkjast

Moss kommune har på kort tid opplevd 80 % auke i talet på unge vaksne funksjonshemma. På sikt vil kommunen trenge 40 nye tilsette dersom dei skal halde fram å levere tenesta som i dag. Ein gjennomgang av kommunen sine tenester for funksjonshemma, viste også at kommunen har behov for å jobbe med organiseringa av tenestene til denne brukargruppa for å løfte den opplevde kvaliteten. Kommunen står med andre ord overfor ei utfordring dei er nøydde til å løyse på nye måtar.

Problemstillinga handlar både om korleis tilby betre tenester til ei veksande brukargruppe, samtidig som ein reduserer kostnadene. Dette er ei utfordring alle kommunar står overfor.

Om prosjektet

Målet for prosjektet var å leggje til rette for heilskaplege og koordinerte tenester til unge vaksne med nedsett funksjonsevne og eventuelle tilleggslidingar, i ny kommune. Då avdekking av behov og godt samarbeid frå start vart identifisert som heilt sentralt for at Nye Moss skal kunne levere gode tenester til den enkelte, var utfordringa å sjå på korleis ein kan avdekkje kva behov brukarane eigentleg har og korleis dette kan brukast som fagleg metodisk tilnærming både hos dei som gjev tenester og dei som leverer tenestene.

Prosjektet jobber med ideer
Designit

Resultat

Prosjektet vart gjennomført i perioden mai 2019 – mars 2020. Resultatet er ein ny prosess for korleis kommunen tek mot førespurnader frå innbyggjarar til vedtak.

Dette inneber bl.a.:

  • Nytt søknadsskjema
  • Verktøy for dialog og behovskartlegging
  • Endringar i vedtaksprosess med ny type utprøvingsvedtak
  • Prosess for å evaluere og justere vedtak

Det vart utvikla eit dialogverktøy kalla «Livsskissa» for den nye prosessen. Livskissa er eit verktøy for å forstå brukaren sine styrkar og utfordringar. Målet er å få ei heilskapleg forståing av brukaren sine behov, fremje tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg evaluere og justere tiltak slik at tenestene treffer. Løysingane sikrar transparens og medverknad, og legg til rette for ein open og likeverdig dialog - og sikrar at tenestene som blir leverte til innbyggjarane, treffer reelle behov.