Hopp til hovudinnhald

Kva er informasjonsforvaltning?

Alle verksemder har ansvar for å forvalte informasjonen dei eig på en god måte. Fagområdet informasjonsforvaltning er der vi finn kunnskapen om korleis vi gjer dette.

Oppretta: 25. november 2020 Sist endra: 11. august 2022

Informasjonsforvaltning er viktig fordi informasjon er ein av de viktigaste ressursane vi har i offentlig sektor. Vi definerer informasjonsforvaltning på denne måten:

Informasjonsforvaltning betyr eit heilskapleg syn på aktivitetar, verktøy og andre tiltak for å sikre best mogleg kvalitet, utnytting og sikring av informasjon i ei verksemd. Organiseringa av informasjonen skal vere systematisk og henge saman med verksemda sine arbeidsprosessar.

Felles rammeverk og målbilde

Under er ein visning over samanhengar mellom dei ulike delane i rammeverket for informasjonsforvaltning, og målbildet.

Illustrasjon som viser felles rammeverk og målbilde

Felles målbilde

Ambisjonsnivå 1, Finne og forstå data, er vi godt i gang med gjennom felles standarder for beskrivelse av datasett, begrep og informasjonsmodellar. Desse standardane er brukt i felles datakatalog.

Ambisjonsnivå 2, Bruke data. Gjennom felles datakatalog har vi utvikla ein API-katalogen, ei oversikt over beskrivelser av virksomhetenes API-er.

Ambisjonsnivå 3, Gjenbruke data, her legger vi mykje av innsatsen framover, samtidig som vi held fram med arbeidet med å utvikle rammeverket.

Rammeverk

I Orden i eget hus, har kvar verksemd har ansvar for å forvalte eigen informasjon på ein strukturert måte. Vi kallar det å ha "orden i eige hus". Dette er grunnleggende for blant anna at verksemdene skal kunne dele data og at vi saman skal nå ambisjonane.

Rammeverket for informasjonsforvaltning er til for å gi støtte og retningsliner i arbeidet med å lage orden i eige hus og med å gjennomføre "berre ein gong" som prinsipp.

I Felles datakatalog, listar vi alle tilgjengelege data frå norske verksemder. Tanken med katalogen er at den skal gjere det enklare å gjenbruke datasett som allereie finst for alle som arbeider i verksemder anten i privat eller offentleg sektor. At data gjenbrukast er første veg mot målet om at vi kun skal trenge å kontakte det offentlege ein gong. Dette gjeld innbyggarar, næringsliv og frivillig sektor, som ikkje skal måtte levere samme opplysing fleire gonger.

Kontakt

Informasjonsforvaltning