Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet, onsdag 20. mai, har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Rettar til data i SSA-ane»
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har revidert føresegner om datarettar i staten sine standardavtalar (SSA) på oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. I dette innlegget vil DFØ gå gjennom kva revisjonen har gått ut på, og drøfte enkelte tema som har vore gjenstand for revisjon. Som ein del av arbeidet er det òg utarbeidd ein rettleiar for bruk av føresegna. Denne vil òg bli gjennomgått i innlegget.
Presentert av Frida Åberg Mokkelbost, DFØ
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
20.05.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen