Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Informasjonsforvaltning
  • Datadeling
Tid:
Onsdag 15. april kl. 09:00 – 10:00, 2026
Stad:
Digitalt møte
Kontaktperson:

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei som er interessert i problemstillingar knyt til informasjonsforvaltningsarbeid. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål, dele historier og erfaringar. Møta er opne for alle.

I møtet i dag har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Frå KUDAF til Kunnskapsdata – kva vi lærte og kva som kjem»
KUDAF-programmet blir avslutta etter tre år med utforsking av felles infrastruktur for datadeling, og arbeid med modning og samhandling i kunnskaps- og utdanningssektoren. I dette innlegget deler vi dei viktigaste erfaringane og lærdommane frå programperioden, viser kvar metadatakatalogen Kunnskapsdata står i dag – med lovande framsteg mogleggjorde av den raske utviklinga innan KI – og ser framover mot korleis Sikt tek over stafettpinnen og fører arbeidet vidare.
Presentert av Per Hovde (HK-dir), Rolf Anders Storset og Vigdis Kvalheim (Sikt)

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

15.04.2026 Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09