Kommunar som hjelper innbyggarane aktivt til å ta i bruk digitale tenester kan no søke tilskot til kurs og rettleiingsopplegg. Digdir utlysar ein pott på åtte millionar kroner til formålet.
Digitalisering skaper store gevinstar og ein enklare kvardag for dei fleste av oss. Men ikkje alle innbyggarar synes det er like enkelt å ta i bruk tenestene.
– Vi veit frå undersøkingar at ein del folk vegrar seg mot å kommunisere digitalt med kommunen eller andre verksemder. Det er fleire grunnar til det, og folk har ulike digitale ferdigheiter og erfaringar. Vi håpar derfor at vi kan bidra til at fleire kommunar sett i gang lavterskeltilbod retta mot denne gruppa, seier avdelingsdirektør Espen Sjøvoll i Digdir.
Grunnleggande ferdigheiter
Tilskotsordninga skal legge til rette for etablering av eit rettleiingstilbod for innbyggarar som har liten eller ingen digital kompetanse. Formålet er å gi deltakarane dei grunnlaggende ferdigheitene dei treng for å kunne ta i bruk digitale verktøy og offentlege tenester på nett.
Ein stor del av innbyggarkontakten har vorte digitalisert både fordi det er billigare, er raskare og og skaper ein enklare kvardag for dei fleste av oss.
– Vi er klar over at det er ein del som skulle ønske dei heller kunne snakke med ein saksbehandlar når dei tek kontakt med det offentlege. Det kan gjelde både yngre og eldre. Da er det viktig at vi gjer det vi kan for å få alle med, og det handlar først og fremst om å lage gode og brukarvennlige digitale tenester. Så er det også slik at vi må hjelpe og rettleie dei som ikkje har tilstrekkelege digitale grunnferdigheiter, slik at dei blir i stand til å finne informasjonen dei søker og får gjort det dei skal - sjølv om tenenestene er nettbaserte, seier Sjøvoll.
Eingongsstøtte
Tilskot gis som eingongsstøtte. Tildelinga føreset ein plan for vidare drift og finansiering etter tilskuddsperioden, slik at tilbudet kan bli varig etablert ut frå behova hos ulike målgrupper.
Kommunane kan søke tilskot fram til 14. juni 2024.