Hopp til hovudinnhald

Visste du at den offentlege digitale postjournalen er 30 år? Openheit og innsyn i den offentlege forvaltninga er eit prinsipp som står sterkt i Noreg. Opne digitale postlister og møteinformasjon er eit viktig ledd i dette, og Oslo kommune er ein føregangskommune på feltet.

11. oktober 2023

I 2016 gjekk Oslo kommune og Difi (i dag Digdir) saman for å utvikle dagens digitale innsynsløysing eInnsyn. Heile historia om dette kan du sjå i denne filmen, der Jon Sundby og hans medarbeidarar fortel om bakgrunnen for arbeidet og kvifor eInnsyn er viktig for både innbyggarar, samfunnsliv og media.

Fellesløysinga eInnsyn vart lansert i 2018 og blir i dag forvalta av Digdir. eInnsyn tok over for OEP (Offentleg elektronisk postjournal) som tilbake i 2010 hadde overatt for EPJ (Elektronisk postjournal) som hadde vore eit langvarig prøveprosjekt sidan tidleg på 1990-talet.

Noreg var først ute med ei slik løysing og i arbeidet med utvikling av løysingane har presseorganisasjonane vore viktige samarbeidspartnarar og bidragsytarar på brukarsida.

Bakgrunn

  • I 1993 starta prøveprosjektet «Elektronisk postjournal» (EPJ). Pressa fekk tilgang til postlistene for utvalde departement og direktorat.
  • I 2010 vart tenesta «Offentleg elektronisk postjournal» (OEP) lansert. Tenesta var open for alle og den første i sitt slag.
  • I 2018 opna dagens løysing «eInnsyn». Gjennom tenesta kan innbyggjarar, journalistar og andre søkje blant over 60 millionar dokument og møtedokumentasjon frå 130 statlege og kommunale verksemder.

Oppdatert 18. oktober 2023:

Jubileumsfeiring

Onsdag 18. oktober vart 30 år med digitalt innsyn markert på Pressens Hus i Oslo med inviterte gjester frå presse-Noreg, forvaltninga og akademia. Opptak frå markeringa kan du sjå her.

Kontakt

Bodhild Therese Cirotzki

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 91 00 13 69

Are Kvistad

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 47807910