Også i år gjennomfører vi Brukarrådet som eit heildigitalt og gratis arrangement. Dagane 1.–2. desember kan du delta på Brukarrådet frå din eigen skjerm.
Nasjonale fellesløysingar løyser felles behov i forvaltninga. Dei blir utvikla éin gong, forvalta sentralt og kan gjenbrukast av mange – og forenklar dermed tilgangen til offentlege tenester for både innbyggarar, forvaltning og verksemder.
På Brukarrådet 2026 får du innsikt i aktuelle fellesløysingar og korleis Digdir utviklar desse for å møte nye behov. Vi set søkelys på brukarane og dei mest sentrale satsingane våre: Korleis kan vi saman byggje enklare, tryggare og meir samanhengande digitale tenester?
Brukarrådet er ein arena for informasjon, inspirasjon og eit forum for dialog. Her møtest Digdir, offentlege verksemder og leverandørar for å dele innsikt, erfaringar og planar for dei nasjonale fellesløysingane – og du får høve til å stille spørsmål og gi innspel direkte til dei som utviklar og brukar løysingane.
Vi jobbar med programmet, men alt no er det opna for påmelding. Meld deg på, så får du informasjon direkte om arrangementet og videolenke når arrangementet nærmar seg.