Velkommen til felles ope leverandørmøte. Møtet er digitalt, og eit supplement til informasjon som ligg på Samarbeidsportalen. Overordna tema er er god bruk og utbreiing av offentlege fellesløysingar.
Målgruppe og formål
Formålet er å bidra til effektiv samhandling mellom fagsystem i offentleg sektor og offentlege fellesløysingar i regi av Digdir. Møtet er ein arena for dialog, der vi ønskjer å fange opp felles behov frå leverandørane.
Foreløpig agenda
- Formål med møtearenaen og bakgrunn
- Korleis halde seg oppdatert på aktuelle tiltak og prosjekt?
- kort vegvisar til aktuelle informasjonsressursar og møteplassar knytta til bruk og vidare utvikling av fellesløysingane.
- Aktuelle prosjekt og status
- Meldingsutveksling med fastleger/Norsk helsenett. Presentasjon ved KS Digital/Digdir
- overføring av ekstra metadata mellom eFormidling og KS FIKS
- Ny aksesspunktleverandør på DPI i april, ved Digdir
- Integrasjonspunkt ver. 4, ved Digdir.
Det er få verksemder som har installert integrasjonspunkt 3 so langt. No hastar det! Me informerer om tidslinja og oppfordrar leverandørane til å hjelpe til å få kundane over på ver. 4
- Meldingsutveksling med fastleger/Norsk helsenett. Presentasjon ved KS Digital/Digdir
- Innspel til tema frå leverandørane
Agenda blir oppdatert ei veke før møtet.
Om møteserien
Frekvens: Ca. ein gong per månad (tysdagar kl. 13:00–13:55). Neste møte er 3. mars.
Agenda oppdaterast ca 1 veke før møtet. Leverandørar kan melde inn saker dei ønskjer å belyse.
Ønskjer du invitasjon til heile møteserien? Send aktuelle e-postadresser til AudInger.Sviggum@digdir.no