Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet, onsdag 7. oktober, har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «LOS 4.0 – presentasjon og orientering om høyringa»
Los 4.0 skal gjere det lettare å finne og samanstille tenester, data og informasjon på tvers av offentleg sektor. Få ei innføring i bruksområda, dei viktigaste endringane og korleis du kan gi innspel til høyringa.
Los blir brukt til å klassifisere tenester, datasett og informasjon etter kva dei handlar om, uavhengig av korleis verksemdene er organiserte. Los kan òg koplast til sektorvokabular og andre klassifikasjonar, slik at ressursar får ein felles tematisk inngang på tvers av sektorar.
I møtet presenterer vi føremålet med Los, aktuelle bruksområde og dei viktigaste endringane i Los 4.0. Vi går gjennom kva vi ønskjer innspel til i høyringa, viser kvar de finn høyringsmaterialet, og forklarer korleis de kan gi tilbakemeldingar. Det blir høve til å stille spørsmål.
Kven passar møtet for?
Møtet er relevant for deg som arbeider med informasjonsforvaltning, verksemdsarkitektur, tenesteutvikling, datadeling, nettsider, søk eller omgrepsarbeid. Både dei som bruker Los i dag, og verksemder som vurderer å ta vokabularet i bruk, er velkomne. Du treng ikkje kjenne Los frå før.
Presentert av Øystein Åsnes frå Digdir
Les om høyringa og sjå høyringsmaterialet.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
07.10.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen