Hopp til hovudinnhald

Tenk deg ei nettside der du kan bla og søke i millionar av offentlege dokument på gravejakt etter «ei god sak». Tenesta heiter eInnsyn og er i bruk av norske journalistar kvar einaste dag.

10. november 2023

Journalist og dataredaktør Rune Ytreberg fortel om korleis redaksjonen nyttar eInnsyn i det daglege arbeidet. Produsert av Digdir (2023).

- Hadde eg kunne ta med meg berre ei einaste kjelde til ei aude øy, hadde det vore eInnsyn! Det seier mangeårlig gravejournalist Rune Ytreberg. Han er i dag dataredaktør i Mediehuset iTromsø. Ytreberg har tidlegare jobba m.a. som journalist i Dagens Næringsliv, reporter i NRK Brennpunkt og vunne pris for sin undersøkande og avslørande journalistikk.

Over 60 millionar dokument

For mange journalistar som jaktar nyheiter og driv research har den offentlege fellesløysinga eInnsyn blitt eit viktig verktøy i arbeidskvardagen. Der publisererer over 150 offentlge verksemder i staten og kommunesektoren sine postjournalar som viser inn- og utgåande dokument. I tillegg legg ein del verksemder ut møteinformasjon som ofte er relevant i handsaminga av store og små politiske saker. Totalt er over 60 millionar dokument søkbare i databasen.

Alt på same plass

Ytreberg seier redaksjonen brukar eInnsyn kvar dag, både til alle graveprosjekta og i den daglege nyheitsjournalistikken. Løysinga gjer det mogleg å samle informasjon frå mange organ, verksemder og etatar på ein plass. Ein kan søke på nøkkelord, namn, stader og selskap. Samla sett sparer det redaksjonen for mykje tid og innsats i jakta på relevante dokument og data.

- Det beste med eInnsyn er at så mange etatar har valt å bruke løysinga. Då kan vi søke éin stad, på tvers av mange etatar, seier han.

Ønskjer fleire dokument i fulltekst

Rune Ytreberg har samtidig ei utfordring til offentlege verksemder:
- Det er for få av verksemdene som legg ut dokument i fulltekst. Da må vi be om innsyn i kvart dokument – og dette er dokument som ofte kunne ha vore publisert fullt med ein gong, sier Ytreberg. Ved å fulltekstpublisere direkte, kan ein unngå at det offentlege må bruke tid og ressursar på å handsame innsynskrav, samtidig som journalistar og andre brukarar slepp å vente på å få tilgang til dokumentet.

- Skulle eg ønske meg noko, var det at alle kommunar blei pålagt å bruke eInnsyn, og at fulltekstpublisering var regelen, og ikkje unntaket.

30 år med digitalt innsyn

Dei første forsøka med elektronisk postjournal starta i 1993. Rune Ytreberg var ein av dei første journalistane som den gongen fekk teste ut «Elektronisk postjournal», oftast omtalt som «EPJ». Løysinga vart erstatta av «Offentlig postjournal» (OEP) i 2010, og i 2018 vart dagens løysing eInnsyn lansert.

Heile histora kan du sjå i denne filmen som vart vist under 30-årsmarkeringa som Digdir arrangerte saman med Norsk Presseforbund 18. oktober 2023. Produsert av Digdir (2023).

Kontakt

Siv Kvåle Sanden

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 97520486

Bodhild Therese Cirotzki

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 91 00 13 69