Velkommen til Drop-in leverandørmøte, eit tiltak for å styrkje leverandørdialogen og samarbeidet. Møtet skal leggje til rette for open dialog, erfaringsdeling og innspel. Saman kan vi bidra til betre offentlege tenester og trygg, effektiv digitalisering. Del erfaringar og barrierar for utvikling, integrasjon og samhandling på tvers av offentleg sektor. Her møter de fagmiljø frå Digdir, får innsikt i aktuelle endringar og planar, og høve til å påverke og bidra.
15. desember 2026 – Drop‑in leverandørmøte
Samhandling med fellesløysingane
Tilbyr de strategisk rådgjeving om digitalisering til offentleg sektor? Eller jobbar de med utvikling eller drift av digitale tenester for offentlege kundar? Då treng de å forhalde dykk til strategiar og rettleiing for digitalisering i offentleg sektor. De bør også vere i kontakt med integrasjonar eller API-ar mot offentlege fellesløysingar.
Digdir inviterer til Drop‑in leverandørmøte – ein uformell og lågterskel dialogarena der leverandørar og Digdir sine fagmiljø møtest for å dele erfaringar, stille spørsmål og løfte aktuelle problemstillingar i fellesskap.
Møta gir rom for open samtale og er meint som eit supplement til informasjon på samarbeid.digdir.no og andre kanalar. Målet er å byggje felles forståing, styrkje samhandlinga og dra i same retning i vidareutvikling og bruk av fellesløysingane.
-
Spesifik agenda for 15. desember oppdaterast 4. desember
- Generell agenda:
Aktuelle saker og status frå Digdir arkitekturmiljø, produktteam og servicedeskar innspel frå leverandørane, samt eventuelt.
Om dialogarenaen
- Om lag eitt møte per månad, etter behov
- Oppdateringar frå arkitekturmiljø, produktteam eller servicedeskar
- Innsikt i planar og endringar
- Høve til å dele erfaringar og spele inn behov
Praktisk informasjon
Tid: utvalde tysdagar eller torsdagar kl. 13.00–13.55
Målgruppe
Leverandørar og partnarar som leverer digitale løysingar til offentleg sektor, eller gir strategisk rådgjeving om digitalisering. Særleg relevant for produktsjefar, produkteigarar, forretningsutviklarar, porteføljeansvarlege og andre som påverkar produktstrategi, prioriteringar og vidareutvikling av løysingar som nyttar offentlege fellesløysingar og API-ar.
Sjå spesifik agenda per møte for vurdering av relevans.
Ope møte. Du kan i tillegg be om kalenderinvitasjon.
Be om invitasjon her: ais@digdir.no