Hopp til hovedinnhold
Emner:
  • Fellesløsninger
Tid:
torsdag 11. juni kl. 13:00 – 14:00, 2026
Sted:
Digitalt møte

Jobbar de med rådgjeving, utvikling eller drift av digitale tenester for offentlege kundar? Då er de truleg i kontakt med integrasjonar eller API-ar mot offentlege fellesløysingar. Digdir inviterer til Drop‑in leverandørmøte – ein uformell og lågterskel dialogarena der leverandørar og Digdir sine fagmiljø møtest for å dele erfaringar, stille spørsmål og løfte aktuelle problemstillingar i fellesskap. Møta gir rom for open samtale og er meint som eit supplement til informasjon på samarbeid.digdir.no og andre kanalar. Målet er å byggje felles forståing, styrkje samhandlinga og dra i same retning i vidareutvikling og bruk av fellesløysingane.

Agenda for 11. juni

1. Velkommen - slik held du deg oppdatert

2. Aktuelle prosjekt og saker frå produktteam og servicedeskar

2.1 Meldingsutveksling - eFormidling.

Oppfordring: Teste ut meldingsutveksling med fastlegane. Testmiljø er klart. Ved Digdir.

2.2 Bruksvilkår og nye kundar.

Aksept av bruksvilkår er viktig del av onboardingsprosessen. Korleis forenkle for deg og dine kundar. v/Stian Øye, Servicedesk

2.3 Større prosjekt - korleis sikre god flyt for alle partar

Med litt dialog i forkant, sikrar vi bedre flyt for alle involverte. v/Servicedesk

3. Innmelde saker frå leverandørane

4. Eventuelt


Om dialogarenaen

Om lag eitt møte per månad, etter behov

Korte statusoppdateringar frå produktteam eller servicedeskar

Innsikt i planar og endringar

Høve til å dele erfaringar og spele inn behov

Praktisk informasjon

Tid: tysdagar eller torsdagar kl. 13.00–13.55

Målgruppe

Leverandørar og partnarar som utviklar, driftar eller vidareutviklar integrasjonar og API-ar, eller gir råd om dettetil offentlege kundar. Særleg relevant for tekniske og funksjonelle ressursar. Sjå spesifik agenda per møte for vurdering av relevans.

Ope møte. Du kan i tillegg be om kalenderinvitasjon.

Send e-post til audinger.sviggum@digdir.no for invitasjon.

Kontakt

Aud Inger Sviggum

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 40 60 62 22