Hopp til hovedinnhold
Emner:
  • Fellesløsninger
Tid:
tirsdag 14. april kl. 13:00 – 13:50, 2026
Sted:
Digitalt møte
Kontaktperson:
Aud Inger Sviggum, 40606222

Jobbar du med integrasjonar eller API-ar mot offentlege fellesløysingar? Dette møtet gir deg oppdatert informasjon, moglegheit til å stille spørsmål og ta opp problemstillingar – i ein uformell dialog med andre leverandørar og fagmiljø. Digdir ønskjer særleg å fange opp felles behov og set av tid til innspel og drøfting. Møtet er eit tiltak for betre samhandling og felles innsats i digitaliseringsarbeidet.

Om møteserien

Eit fast, månadleg drop-in-tilbod for leverandørar og partnarar som utviklar og driftar løysingar knytt til fellesløysingar. Her får du:

  • korte statusoppdateringar frå aktuelle produktteam
  • innsikt i planar og endringar
  • høve til å dele erfaringar og spele inn behov

Praktisk informasjon

  • Frekvens: om lag ein gong per månad (tysdagar kl. 13:00–13:55)
  • Neste møte: 14. april

Agenda 14. april

  • Aktuelle saker og status frå produktteam
    • Prosjekt for meldingsutveksling med fastlegar (KS Digital og Digdir)
    • Status på integrasjonspunktet versjon 4.0
    • Ny aksesspunktleverandør DPI – løypemelding
  • Innmelde saker frå leverandørane
  • Eventuelt

Målgruppe

Leverandørar og partnarar som utviklar, driftar eller vidareutviklar integrasjonar og API-ar. Særleg relevant for tekniske og funksjonelle ressursar.

Påmelding og innspel

Meld deg på ved å sende e-post til audinger.sviggum@digdir.no.
Har du saker du ønskjer å ta opp, kan dei sendast inn på førehand.

Kontakt:

Aud Inger Sviggum

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 40 60 62 22