Digitaliseringsrådets erfaringsseminar Program
I årets rapport deler vi dei viktigaste erfaringane våre og konkrete råd til leiarar, og løfter blikket mot kva som skal til for at offentleg sektor skal lukkast med digital omstilling i åra som kjem.
For fysiske deltakarar
I årets rapport løfter vi fram dei viktigaste tilrådingane våre til dagens verksemdsleiarar. Tilrådingane byggjer på innsikt frå ti år i Digitaliseringsrådet, og tek samstundes utgangspunkt i dei utfordringane leiarar står overfor i dag. Ambisjonen har vore å gjere råda konkrete, relevante og enkle å ta i bruk. På seminaret vil rådsmedlemmene Kjetil Århus og Lucie Aunan reflektere rundt eit utval av tilrådingane.
Eit tilbakeblikk gir verdi først når det blir brukt til å forme vegen vidare. Korleis kan offentleg sektor sjå ut dersom vi lukkast betre med å dele data, samarbeide på tvers, ta i bruk teknologi og skape samanhengande tenester som blir opplevde som heilskaplege for innbyggjarane?
På seminaret skal rådsmedlem Kristine Aasen leie ein samtale om framtidas utfordringar og moglegheiter med Øystein Børmer, direktør i Statsbygg, Adelheid Buschmann, kommunedirektør i Nittedal kommune og Silke Øverby, Head of AI Transformation i Vipps.