Velkomen til Digitaliseringsrådets årlege erfaringsseminar. Vi lanserer årets erfaringsrapport, og har invitert viktige stemmer i offentleg forvaltning. Møtet er fysisk i Økern portal (inngang C, møtesenteret) og vert i tillegg strøymt.
Sjå opptak frå erfaringsseminaret:
Verdsbiletet er prega av større usikkerheit og geopolitiske spenningar enn tidlegare. Det påvirkar korleis vi bør jobbe med digitalisering i forvaltninga.
Perspektivmeldinga varslar om mangel på arbeidskraft, behovet for meir pengar til forsvar og kanskje mindre til andre formål. Dette har stor innverknad på situasjonen i kommunesektoren, og pregar fleire toppleiarar Digitaliseringsrådet er i dialog med.
Årets erfaringsrapport tar opp:
- Korleis forvaltninga kan styrke evna til å levere nytte, omstille og omdisponere ressursar
- Behovet for meir tydeleg og felles styring i digitaliseringsarbeidet i stort
- Korleis departementa tydlegare kan drive fram endring
- Korleis verksemdsleiarene kan spele departementa gode
- Korleis kommunesektoren samarbeider for å vere i stand til å møte dei utfordringene dei står i
For deltakarar som kjem til oss i Lørenfaret 1, inngang C, serverer vi frukost frå kl. 08.00.
Program
Åpning
Statssekretær Anette Davidsen, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
Endring må drivast fram
Rådsmedlem Kristine Aasen, kommunikasjonsdirektør i Brønnøysundregistrene
Årets erfaringsrapport har fått tittelen Endring må drivast fram. Tittelen viser til at vi no står over ei tid som krev auka merksemd på nyttestyring, samordna styring og samarbeid.
Korleis Statens Graderte Plattformtenester (SGP) jobbar med digital beredskap i heile verdikjeda
Roar Olsen, direktør i Statens graderte plattformtenester (SGP)
Statens Graderte Plattformtenester har ansvar for å levere nasjonale fellestenester for låggradert og høggradert samhandling. Tenestene kan nyttast av både offentlege og private verksemder underlagt sikkerheitslova.
Roar vil snakke om heile verdikjeda i den digitale infrastrukturen og potensielle sårbarheiter. Kva bør alle verksemder ha beredskap på?
Kommunal sektor – ei viktig drivkraft for digital transformasjon i offentleg sektor
-Erfaringar frå Halden kommune
Roar Vevelstad, kommunedirektør i Halden kommune, medlem av Skate og leiar KommIT rådet.
Fleire av utfordringane som pregar samfunnet, merker kommunal sektor allereie sterkt. Roar vil dele erfaringar fra kommunal sektor. Korleis jobbar dei med å få til digital transformasjon i den tida vi er inne i no?
Avsluttande refleksjonar
Rådsleiar Joakim Lystad og Arild Haraldsen, sjølvstendig næringsdrivande i Stratit
Kva refleksjonar gjer vi oss etter denne dagen?
Seminaret avsluttar ca. kl. 10.30.
Møtet er fysisk på Økern portal og vert i tillegg strøymt. Opptak vert publisert i etterkant.