Hopp til hovudinnhald

Regjeringa har starta arbeidet med laga ny nasjonal digitaliseringsstrategi. Strategien skal blant anna stake ut kursen for vidare digitalisering av offentleg sektor, legge betre til rette for næringsretta digitalisering og ta opp viktige samfunnsspørsmål. Her finn du Digitaliseringsrådet sine innspel til strategien.

02. november 2023

Kommunal - og Distriktsdepartementet (KDD) ønska innspel på:

  • Forventningar til strategien
  • Om det er drivkrefter og utviklingstrekk som vil påverke samfunnet generelt, og som strategien bør ta høgde for?
  • Kva dei viktigaste digitaliseringsutfordringane er framover?
  • Korleis regjeringa kan bidra til å løyse disse utfordringane gjennom denne strategien?
  • Kva som bør videreførast frå dagens digitaliseringsstrategi for offentlig sektor?

Ny strategi må legge vekt på sikkerheit, nye trendar som kunstig intelligens (KI), det grøne skiftet, berekraft med vidare. Berekraft er eit av dei områda som vil verte påverka av ytre krav om rapportering frå EU (taksonomi).

Start med kvifor

Kvifor treng vi ein ny digitaliseringsstrategi? Vi anbefaler at strategien startar med å svara på kvifor vi treng ein ny strategi og korleis den skal brukast. Digitalisering er transformasjon som handlar om betre tenester til brukarane. Strategien må påverke dei offentlege institusjonane som skal levere tilboda. Offentleg sektor må bli meir effektiv og levere betre tenester som løyser brukaranes behov. Sjølv om digitalisering er eit område som endrar seg raskt er den noverande digitaliseringsstrategi framleis relevant, særleg for forvaltninga. Det strategiske fokuset har allmenngyldige, relevante mål og visjonar. Desse kan gjerne gjelde i den nye strategien òg.

Ny strategi må legge vekt på sikkerheit, nye trendar som kunstig intelligens (KI), det grøne skiftet, berekraft med vidare. Berekraft er eit av dei områda som vil verte påverka av ytre krav om rapportering frå EU (taksonomi). Ny strategi bør seie noko om korleis desse krava skal handterast og samhandling med andre verksemder. Korleis skal strategien operasjonalisera internasjonale forventningar? Digitalisering og KI er verkemidla for å oppnå noko, ikkje mål i seg sjølv. Vi forventar ein strategi som får fram kvifor digitalisering er viktig. Ein strategi som løfter blikket, ser det store biletet og peikar på ei tydeleg retning. Kor skal vi? Kva skal vi oppnå gjennom strategien?

Tenk som brukaren – korleis kan strategien føre til handling?

Det er ikkje vanskeleg å lage ny strategi. Det som er vanskeleg er å ta den i bruk. Dersom strategien skal føre til endringar må den gi meining for dei som skal bruka han. Den må gje ei tydeleg retning. Strategien skal vere til hjelp for å ta gode avgjerder. Ikkje berre politisk, men også i verksemder i alle sektorar og på mange nivå.

Sjå for dykk kven som er målgruppe for strategien. Kven er brukaren? Kva treng dei når dei skal bruke strategien? I kva for nokre situasjonar vil strategien kome til nytte? Korleis kan de få brukarane til å oppleve eigarskap til strategien? Vi oppfordrar dykk til å vera ambisiøse i korleis strategien vert forma. Kan ny strategi vera ein "plakat" med styrande prinsipp som dei som skal ta avgjerder kan teste avgjerdene og prioriteringane sine mot – kvar einaste dag?

Vidarefør prinsippa i Digital Agenda

Strategien bør ha nokre berande prinsipp for digitalisering. Dagens digitaliseringsstrategi er ei oppfølging av stortingsmeldinga Digital agenda (2015-2016). Denne har hatt stor innverknad på korleis offentlege verksemder har jobba med IKT. Dei fem hovudprioriteringane representerer fem prinsipp for digitalisering som framleis er aktuelle:

  1. Brukaren i sentrum
  2. IKT er ein vesentleg innsatsfaktor for innovasjon og produktivitet
  3. Styrka digital kompetanse og deltaking
  4. Effektiv digitalisering av offentleg sektor
  5. Godt personvern og god informasjonssikkerheit

Desse fem er framleis gode prinsipp for digitalisering. I tillegg har Digital agenda tydelege bodskap om korleis digitalisering skal gå føre seg i offentleg sektor. Blant anna "tenk stort, start smått", "sørg for riktig kompetanse og forståing blant leiarane" og «lever nytte heile vegen". Vi ser for oss at desse, gjerne med nokre nye prinsipp, vil være nyttige å vidareføre.

Verksemdene må kunne bruke prinsippa til å vise at dei støttar opp under strategien og dermed bidreg til å nå dei store måla når dei for eksempel søker om finansiering.

Legg vekt på gjennomføring

Legg vekt på gjennomføring av den nye strategien. Den må bidra til at verksemdene når måla. Mykje av det som ikkje er realisert i dagens strategi handlar om mangelen på gjennomføringskraft. Kva skal til for at verksemdene klarar å realisere måla? Har forvaltninga verkemidla og rammevilkåra dei treng? Strategien bør på eit overordna nivå klargjera kva som skal til av leiarskap, kompetanse, arbeidsformer, finansiering og organisering.

Vi veit også at det vil dukke opp nye utfordringar vi ikkje er kjende med i dag. Vi trur det kan vera klokt at strategien er tilstrekkeleg fleksibel og kan tilpasse seg endringane. Vi meiner 5 år er ei for lang tidsramme for ein digitaliseringsstrategi. Korleis kan strategien fange opp og tilpasse seg samfunnsendringar? Ny digitaliseringsstrategi bør inkludera noko om korleis regjeringa skal følgje opp strategien. Er det mogeleg å bruke EU sin digitaliseringsindeks (DESI) for å setje ambisjonar og måle gjennomføring?

Mykje av det som ikkje er realisert i dagens strategi handlar om mangelen på gjennomføringskraft. Kva skal til for at verksemdene klarar å realisere måla? Har forvaltninga verkemidla og rammevilkåra dei treng?

Tenk nytt om finansiering

Den svakaste delen i dagens strategi er "Økonomiske og administrative konsekvensar". Dette er ein av dei viktigaste delane noko den nye strategien bør reflektera. Vi meiner forvaltninga må tenke nytt rundt finansiering og budsjettprosessen. Dagens modell med å sjå på digitalisering som en eigen budsjettpost bygger teknisk gjeld og fokuserer nesten berre på nye tenester ut til kundane/brukarane. Digitalisering er ei driftsoppgåve, ikkje prosjektoppgåve. Vi treng finansieringsmodellar som speglar dette.

Strategien bør stimulere til nye forretnings- og samarbeidsmodellar

Vi meiner at offentleg sektor treng nye forretnings- og samarbeidsmodellar. Vi håper at den nye digitaliseringsstrategien vil spele ei viktig rolle i utviklinga av desse. Offentleg sektor treng berekraftige forretningsmodellar som legg til rette for å levere effektivt på brukarbehov, sikre rettstryggleik, innovasjon og samanhengande tenester. Samtidig må den ha tilstrekkeleg merksemd på kostnader, sikkerheit og nye teknologiske trendar som KI. Vi har ikkje fasiten på kva samarbeids- og forretningsmodellar offentleg sektor treng for å løyse utfordringane, men strategien bør stimulere til å prøve ut og bruke nye måtar å levere gode tenester på.

Betre rammevilkår for innovasjon

Innovasjon er ikkje berre eit ord for festtalar. Offentleg sektor treng nye verktøy og betre rammevilkår som kan vere til hjelp når ein skal navigere i omgjevnader som skifter heile tida. Dei treng og ei klar forventning frå regjeringa til å jobbe innovativt og jakta på fornying. I dag har offentleg sektor svake verkemiddel for innovasjon. Dette gjeld innovasjonsmetodar, metodar for å kunne beskriva og navigera mot framtida og strategiske kompass. Vi ønsker at det blir satt av eigne midlar til dette.

Teknisk gjeld i offentleg sektor

Strategien bør inkludere mål om å redusere offentleg teknisk gjeld og prinsipp om korleis ein gjer dette. Dette vil bidra til å redusere offentlege utgifter. Vi meiner det er viktig at verksemdene gjer analysar for å finne ut kor dei bruker unødvendig mykje pengar. Teknisk gjeld medfører kontinuerlege kostnader. Det blir dyrare og dyrare å kvitte seg med gjelda for kvart år som går. Å bytte ut system er kostbart og ofte vanskeleg å få finansiering til. Vi anbefaler ofte verksemdene å utvikle gradvis og avvikle gradvis. Korleis kan strategien i større grad legge til rette for at teknisk gjeld vert avvikla? Vi vil peike på at dei samfunnsøkonomiske analysane som vert gjennomførte i dag ofte ikkje inkluderer kostnadene med avvikling. Dette er ei svakheit når offentleg sektor skal vurdere og gjennomføra tiltak.

Forsterk brukarrettinga

Brukarretting er ei drivkraft for transformasjon. Mange leiarar og medarbeidarar i forvaltninga er motiverte for å levere gode tenester til brukarane. Brukarperspektivet tvinger oss til å utforske nye måtar å samarbeide på, nye forretningsmodellar og nye måtar å bruke teknologi på.

Det er viktig at det sterke engasjementet for sluttbrukaren kan fortsette og forsterkast. Mål om effektivisering vert fort oppfatta innskrenkande. Det gjer at verksemdene vender blikket innover slik at dei ikkje klarar å levere gode tenester i samarbeid med andre. Når ein utviklar nye tenester som gjer verdi for brukarane inneber det ofte at andre får nytten enn dei som utviklar tenestene.

Samarbeid med fast hand

Statsminister Støre har sagt at vi må samarbeide meir, men at det må være eit samarbeid med fast hand. Dette meiner vi er viktig. Samarbeid på tvers er vanskeleg. Det er behov for at den nye strategien har ein tydeleg bodskap til departementa om at det vert forventa at ein samarbeider på tvers. Det bør gå fram av strategien at forvaltninga kan forvente fleire felles initiativ. Departementa må i større grad enn i dag gje felles oppdrag i tildelingsbreva.

Regjeringa har samordningsansvaret og samordninga må skje både på politisk og administrativt nivå. Ny statsråd og nytt departement er ein god start. Det blir viktig at det nye departementet får nok tyngde i regjeringa og ei tydeleg samordningsrolle.

Meir samarbeid med privat næringsliv og frivilligheita

Vi treng meir offentleg-privat samarbeid. Vi erfarer ein viss skepsis blant offentlege verksemder for å innleie samarbeid med privat næringsliv. Dette gjeld især dei med kontrolloppgåver. Vi meiner at offentlege verksemder kan og bør ha eit nært samarbeid med privat næringsliv. Ein viktig føresetnad for å få dette til er at ein avklarar roller og forstår rollene godt.

Det same gjeld frivillig sektor. Vi trur at frivilligheita er og vil bli viktig innanfor mange område som for eksempel eldreomsorg, barne- og ungdomsarbeid, beredskap, kultur, søk og redning. Faktisk så viktig at det offentlege bør vurdere om dei skal finansiere løysingar for frivillige. Vi ønsker fleire samarbeidsarenaer som kan legge til rette for samarbeid med privat og frivillig sektor.

KI er eit viktig verktøy

Det er allereie signalisert at den nye strategien vil ta for seg KI. Strategien må være tydeleg på kvifor vi bruker KI, og kven det skal gje verdi for. KI skal løyse brukarbehov og bidra til oppgåveløysing. KI er ikkje et mål i seg sjølv.

Ha større merksemd på datadeling

Deling av data og tilgang til data er avgjerande både for å kunne levere samanhengande tenester, utnytte krafta i KI og bidra til næringsutvikling. Vårt inntrykk er at dette er eit område der offentleg sektor ikkje er komen langt nok. Ny strategi bør framheva viktigheita av datadeling. Her er det viktig å evaluere og vurdere kva som er oppnådd så langt og sjå på kva som er mogleg å gjera betre framover. Strategien må også være open for at det vil kome nye og meir komplekse krav til datadeling. Framover vil det vere behov for å jobbe med KI og algoritmar for KI på tvers av fagdomene.

Deling av data og tilgang til data er avgjerande både for å kunne levere samanhengande tenester, utnytte krafta i KI og bidra til næringsutvikling. Vårt inntrykk er at dette er eit område der offentleg sektor ikkje er komen langt nok. Ny strategi bør framheva viktigheita av datadeling.

Ha ein tydeleg bodskap om bruk av fellesløysingar

Strategien bør ha ein tydeleg bodskap om bruk av fellesløysingar. Vi meiner at det er behov for en felles infrastruktur som er føreseieleg og stabil over tid. Fellesløysingar er ofte den beste løysninga, men ikkje alltid. Offentleg sektor må vere bevisste på kva som bør vera felles byggeklossar nasjonalt, i sektor og i verksemdene.

Ha stor merksemd på sikkerheit og beredskap

Det er signalisert at den nye strategien vil ha stor merksemd på sikkerheit og beredskap. Dette støttar vi. Strategien må være relevant på dette punktet både for store og små verksemder. Kva må den enkelte gjere, og kva skal samfunnet løyse i fellesskap? Vi ser at eventuell nasjonal skytjeneste kan ha stor innverknad på korleis verksemdene må ta omsyn til personvern og informasjonssikkerheit. Dersom dette arbeidet ikkje er landa før strategien må strategien ta høgde for mogelege konsekvensar.

Digital transformasjon er avgjerande for å levere på politiske mål

Den nye digitaliseringsstrategien må henge saman med alle dei andre strategiane og stortingsmeldingane som regjeringa fremmer. Digitalisering må ikkje vera noko på sida av anna politikkutvikling. Det er ein del av kjerneverksemda hos alle og slik viktig for å nå politiske mål. For eksempel jobbar mange delar av forvaltninga på same måte og med dei same systema som for 10-15 år sidan. Offentleg sektor må tenke nytt rundt investeringar. Ny teknologi kan i mange tilfelle være eit godt alternativ til å bemanna opp.

Seks av medlemmane i Digitaliseringsrådet
F.v. Magne Jørgensen, Professor, OsloMet / Universitetet i Oslo, Ann Merethe Lysø Sommerseth, CEO, ANEO Industry AS, Bedriftsrådgivar, Jan-Olav Styrvold, Styrvold Consulting, Eli Stokke Rondeel, Einingsleiar for IKT-prosjektportefølje, Helse Sør-Øst, Nina Aulie, Divisjonsdirektør for verksemdstyring, Helsedirektoratet, May Liss Wasmuth, Prosjektleiar, KSAT (Kongsberg Satellite Services.
Foto: Benjamin Moe/Digdir

Ny praksis og metodikk for gevinstrealisering

Vi erfarer at det ikkje er mogeleg å gje eit uttømmande gevinstbilde i forkant av eit tiltak. Det gjeld både på strategisk nivå og i det enkelte utviklingstiltak. Vi meiner at verksemdene bør få rom til å drive med løpande nyttestyring. Departementa og verksemdene bør gå frå å måle aktivitetar som er gjennomført, til å måle kva for resultat eller kva verdi som er skapt. Måla bør vera konkrete og målbare. Måla bør spegla det som gjer effekt for brukarane. Vi meiner det er på tide å modernisere metodikk og praksis for gevinstrealisering.

Offentleg sektor må ha rom til å prøve og feile

Offentleg sektor må tenke nytt og handle på nye måtar for å nå måla sine. Vi meiner at det bør vera større takhøgde for å ta høg risiko som kan gi høg gevinst i offentleg sektor. Det vil krevje at det finns rom til å prøve og feile. Vi erfarer at leiarar ikkje oppfattar at dei har rom til dette innanfor dagens system. Det er vår oppfatning at om leiarar og toppleiarar skal ta ein slik risiko, må det være eit krav eller noko dei vert påskjøna for.

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen sa på digitaliseringskonferansen i år at problemet ikkje er at vi digitaliserer for mykje. Problemet er at vi ikkje utnyttar digitaliseringas moglegheiter godt nok. Riksrevisjonen vil ifølge han rette merksemda mot dei som ikkje utnyttar moglegheitene, heller enn de som prøver og gjer feil. Vi vil at ny strategi signaliserer at offentleg sektor har rom for å prøve og feile. Offentleg sektor bør heller feile tidleg, enn ikkje prøve.

Kompetanse i avgjerdsprosessar/Vri kompetansen i offentlege verksemder

Kompetanse er ein av dei delane i nåverande strategi som det er jobba minst med. Den nye strategien må prioritere både utdanning av fleire teknologar og bygge digital kompetanse i offentleg forvaltning. Dersom offentlege verksemder skal vera førebudd når dei skal handtere utfordringane som kjem vil det krevje at fleire personar innanfor kvar verksemd jobbar direkte med digitalisering. Verksemdene må vri kompetanseprofilen i organisasjonen, framfor å auke talet på tilsette. Dette vil krevje stor merksemd på intern kompetanseutvikling.

Leiarar på alle nivå må ha den riktige kompetansen for å sikre at dei fattar riktige avgjerder. I dag er kompetanse om brukarorientering, ny teknologi, sikkerheit og nye arbeidsformer like viktig som tradisjonell fagkompetanse. Dårlege avgjerder grunna manglande kompetanse kan få store konsekvensar. Det er heilt nødvendig å bygge digital kompetanse på alle nivå i offentleg forvaltning, også departementa.

Digitaliseringsfremmande regelverk

Vi ønsker at lovgivinga skal være digitaliseringsfremmande. Vår erfaring er at det er viktig for verksemdene å vurdere regelverket tidleg i utviklingsprosessane. Offentlege verksemder bør vera aktive i å endra og tilpassa regelverket. For å lukkast med digital transformasjon vil det vera nødvendig å endra mange lover og forskrifter. Korleis kan vi forenkle lovprosessane på en forsvarleg måte? Kva er konsekvensane av eit regelverk som legg til grunn "digital by default"? Strategien bør legge til grunn at den tekniske og juridiske utviklinga går i takt med kvarandre. Under pandemien fekk vi gode erfaringar som ein kan sjå til.