Hopp til hovudinnhald

Ny i det digitale Noreg

Korleis er det å vere heilt ny i eit digitalisert Noreg? På Digitaliseringskonferansen møter vi enkeltmenneske som fortel si historie. Om korleis dei kom til landet og utfordringane dei møtte. Og kva ønskjer dei som innbyggarar i eit gjennomdigitalisert land?

Madean Khazaal, Hans Christian Holte og Libe Rieber-Mohn
På Digitaliseringskonferansen møter vi både dei digitaliseringa er til for, og dei som jobbar med å få på plass gode løysingar og tenester.

Over mange år har vi fått tusenvis av nye innbyggarar som har kome til Noreg for å arbeide, søke tilflukt eller av andre grunnar. Mange av dei vil starte eit heilt nytt liv.

På Digitaliseringskonferansen i august møter vi enkeltmenneske som fortel si historie. Om korleis dei kom til landet og utfordringane dei møtte. Og kva ønskjer dei som innbyggarar i eit gjennomdigitalisert land?

Spørsmålet er relevant også for alle som bur i Noreg. Korleis går det når folk møter det offentlege for å finne informasjon, tenester, eller rett og slett få hjelp? Og kva tenkjer dei offentleg tilsette er viktig når det skal settast i gang nye digitaliseringsprosjekt?

Menneska framfor og bak tenestene

På Digitaliseringskonferansen møter vi både dei digitaliseringa er til for, og dei som jobbar med å få på plass gode løysingar og tenester.

Madean Khazaal kom til Noreg som flyktning frå Syria i 2014. Han har ein bachelorgrad i juss fra Damaschus University. Khazaal tek no eit masterstudium i statsvitenskap og leiing ved Universitetet i Agder parallelt med at han har lagerjobb hos klesprodusenten Stormberg i Kristiansand.

NAV-direktør Hans Christian Holte har lang erfaring som toppbyråkrat med bakgrunn både frå Skatteetaten, Direktoratet for forvaltning og ikt, Kunnskapsdepartementet, Sosial- og helsedirektoratet, Sosial- og helsedepartementet, og Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Libe Rieber-Mohn er direktør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI). Ho har også brei erfaring som både byråkrat og politikar, blant anna som statssekretær for integrerings-, innvandrings- og mangfaldssaker i Arbeids-og inkluderingsdepartementet, leiar av Arbeiderpartiets integreringsutvalg og varaordførar i Oslo.

Kontakt

Jens Nørve

Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 90 84 93 32