Etter mange år med digitale møte er det endeleg klart for eit fysisk Altinn-kaffe-treff! Digdir ønskjer alle konferansedeltakarar velkomne til standen på Digitaliseringskonferansen i Oslo 11. og 12. juni – med fagleg påfyll, gode samtalar og splitter nye Altinn-kaffikrus til dei som tek turen innom.
Ole Petter Heggestad kan love både Altinn-kaffekrus og fagleg påfyll til dei som kjem innom Digdir-standen på Digitaliseringskonferansen.
Altinn-kaffen har i mange år vore ein populær, månadleg møteplass på Teams, der tenesteeigarar, leverandørar og samarbeidspartnarar får siste nytt og demonstrasjonar frå Altinn-plattforma. Det er ikkje uvanleg at den tradisjonelle Altinn-kaffen samlar over 200 deltakarar på Teams.
No inviterer Digdir og Altinn til eit etterlengta fysisk treff på Digitaliseringskonferansen i Oslo.
– Vi gler oss til å møte både gamle og nye samarbeidspartnarar ansikt til ansikt, seier Ole Petter Heggestad som er ansvarleg for Digdirs utstillingsareal på konferansen.
På standen blir det høve til å slå av ein prat, få faglege oppdateringar og stille spørsmål direkte til Altinn-teamet. Og som ei ekstra oppmuntring spanderer vi eit splitter nytt Altinn-kaffikrus til alle som besøker oss og svarer på nokre spørsmål.