Velkommen til Digitaliseringsdirektoratet!

Publisert
04. des 2019
Endra
15. jan 2020

Den 1. januar 2020 vart Altinn, deler av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) samla i det nye Digitaliseringsdirektoratet.

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Digitaliseringsdirektoratet vil ha Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som overordna fagdepartement.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup sa følgande om etableringa av Digitaliseringsdirektoratet:

Min ambisjon er at Noreg skal være leiande i verda innan digitalisering av offentlege tenester. Målet er at digitalisering skal bidra til betre og meir tilgjengelege offentlege tenester, forenklingar og auka verdiskaping for næringslivet og ein enklare kvardag for folk flest. For å oppnå dette, har regjeringa bestemt at våre spydspissar i digitaliseringsarbeidet – Difi og Altinn – skal samlast i eit nytt digitaliseringsdirektorat.

Du kan lese meir om beslutninga og det nye Digitaliseringsdirektoratet i Regjeringa si pressemelding frå 14. mars 2019.

Ei sterkare premiss- og leverandørrolle

Det nye direktoratet samlar óg fellesløysningane i Difi og Altinn under ei felles leiing.

Endringa inneber at Digitaliseringsdirektoratet vert den nye forvaltaren av Altinn-samarbeidet, og at inngåtte samarbeidsavtalar med tenesteeigarar i samarbeidet vert overført frå Brønnøysundregistera til Digitaliseringsdirektoratet.

Digitaliseringsmiljøet i Difi vert óg ein del av Digitaliseringsdirektoratet. Dette betyr at rolla som premissgivar på digitalisering, fagmiljøet for innformasjonssikkerheit, ansvaret for drift av Difi sine fellesløysningar, ansvaret for Medfinansieringsordninga og Stimulab – og tilsynet for universell utforming – vert ein del av Digitaliseringsdirektoratet.

Det nye direktoratet vil ha både staten, kommunane, næringsdrivande og frivilleg sektor som målgrupper. Etableringa av Digitaliseringsdirektoratet vil ikkje innebere geografisk flytting av tilsette eller kontorstader. Direktoratet vil ha kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo.

Tre avdelinger i det tidlegare Difi til DFØ

Frå 1. januar 2020 vart avdeling for ledelse og avdeling for utgreiing og analyse i Difi overført til Direktoratet for økonomistyring, som endrar navn frå same dato til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Frå 1.9.2020 vert óg avdeling for offentlege anskaffingar overført fra Digitaliseringsdirektoratet til DFØ.

Frå 1.9.2020 vil Digitaliseringsdirektoratet ha om lag 300 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo.

Praktisk informasjon

  • Digitaliseringsdirektoratet får organisasjonsnummeret : 991 825 827
  • Nye epostadresser til Digitaliseringsdirektoratet vil fra 1. januar 2020 være fornavn.etternavn@digdir.no
  • Telefonnummer: +47 22 45 10 00. Den enkelte tilsette har det same mobilnummeret som før.
  • Postadresse fra 1. januar 2020: Postboks 1382 Vika, 0114 Oslo