Søknad om medfinansiering

Det er i forslag til statsbudsjett for 2021 løyvd 189,5 mill. kr til medfinansiering av nye digitaliseringstiltak. Midlane blir lyst ut med atterhald om Stortinget si behandling av budsjettet i desember. Formelle krav til søknad om medfinansiering er fastsett av KMD gjennom retningslinjer for ordninga.

Søknadsfrist for medfinansiering er 20. januar 2021. Du finn søknadskjema og rettleiing nedanfor. OBS - det er ny søknadsmal i år!

Krav til søknader

Ei statleg verksemd må stå som søkjar, andre kan vere samarbeidspartar. Total prosjektkostnad må vere mellom 5 og 100 mill. kr. Prosjektet må vere ferdig med konseptfasen, men ikkje vere kome i gjennomføringsfasen. Prosjektet må vere samfunnsøkonomisk lønsamt. Før ein kan få endeleg tilsegn om midlar, må det utarbeidast ein forpliktande gevinstrealiseringsplan.

Dersom tiltaket vedkjem kommunane, skal KS involverast i utarbeiding av søknaden så tidleg som mogleg. KS skal ha frist på minimum 2 veker på å uttale seg, og uttalen skal følgje søknaden.

Nærare om krav til søknaden finn de i Retningslinjer for ordninga fastsett av KMD 20. januar 2020. NB - det kan kome endringar i retningslinene for 2021.

Vurdering av søknader

Søknader om midlar frå ordninga blir behandla i to trinn:

Søknadane må stette alle formelle krav og blir deretter rangert ut frå samfunnsøkonomisk lønsamheit. Det blir lagt vekt på netto noverdi per krone investert samt kvalitative nytteverknader og interne gevinster. Det blir også lagt vekt på tiltaket si modenheit.

For prosjekt i kategori 2 blir det også lagt vekt på i kva grad prosjekta støttar opp under regjeringa sin digitaliseringsstrategi. Tiltak knytta til dei sju prioriterte livshendingane i strategien blir prioriterte over andre livshendingar.

Prosjekt som blir prioriterte for medfinansiering innanfor årets økonomiske ramme, vil få førebels tilsegn om midlar.

Verksemdene som har fått førebels tilsegn om midlar i trinn 1, må levere ein forpliktande gevinstrealiseringsplan innan ein gitt frist. Gevinstrealiseringsplanen skal ta utgangspunkt i den samfunnøkonomiske analysen i søknaden. Andre statlege verksemder som får vesentlege gevinstar må involverast i planarbeidet. Dersom gevinstar kjem i  kommunesektoren, må KS involverast. Når planen er godkjent, vil prosjekteigar få eit endeleg tilsegnsbrev.

Krav om gevinstrealisering

Prosjekta som får førebels tilsegn om midlar må levere ein gevinstrealiseringsplan før dei får endeleg tilsegn.

Gevinstrealiseringsplanen skal vise gevinstar i eiga verksemd og i andre statlege verksemder og kommunar.

Det er eit krav at 50 % av netto gevinst i søkjarverksemda skal realiserast ved reduksjon av budsjettramme. Netto gevinst betyr gevinst fråtrekt varige driftskostnader med ny løysing. Andre statlege verksemder med netto gevinstar over 5 mill. kr. i tiltakets levetid får også 50 % av dette som kutt i sine budsjettrammer.

Gevinstrealiseringsplanane skal vise både brutto og netto gevinstar, og det må gjerast greie for tiltak for å ta ut gevinstane. Døme på det kan vere nedbemanning, omrokering av personell og oppgåver, endra arbeidsprosessar og informasjonstiltak og opplæringstilbod til dei som skal bruke løysingane. Den samfunnsøkonomiske nytten er ofte avhengig av om mange nok verksemder/kommunar og/eller innbyggjarar tek løysinga i bruk.

Verksemdene må i tillegg gjere greie for korleis dei vil følgje opp og måle at gevinstane blir realisert, til dømes gjennom statistikk over bruk, spørjeundersøkingar osv.

Kontakt

Ingrid Bjørkum

Ingrid Bjørkum

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet

Ingrid har jobba i Digdir sidan opprettinga av direktoratet i 2008 (då ved namn Difi). Før det jobba ho mange år hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, først som fylkesmiljøvernsjef, sidan som assisterande fylkesmann. Ingrid har også leiarerfaring frå fylkeskommunen (planavdelinga), dåverande trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten. Av utdanning er ho cand. agric. frå NMBU (den gong NLH), med naturforvaltning/ressursøkonomi som studieretning. Ho har jobba mykje med samordning av statleg verksemd i fylket, med planlegging, utviklingsarbeid og rettleiing. I Digdir jobba Ingrid dei første åra med Norge.no, som blei ein del av Difi i 2008. Føremålet var å gjere kjennskapen og tilgangen til offentlege tenester enklare for innbyggjarane, ved å presentere dei på ein stad. Etter kvart grupperte dei også tenester ut frå livssituasjonar, ein første start på dei livshendingane ein no jobbar med i oppfølging av digitaliseringsstrategien. Ingrid har også jobba med Klart språk i staten, ein viktig bit i det å utforme informasjon og digitale tenester som folk forstår og kan nytte seg av. 

Telefon
+47 957 05 231