Skate-møte 11. mars 2020 – referat

På agendaen stod overordna tilnærming i sentrale tiltak under Deling av data, regelverket si rolle i digitalisering av offentleg sektor, modell for styring av fellesløysingar, endringar i medfinansieringsordninga, kommunikasjonsplan for Skate og status for tiltak knytt til evalueringa av Skate i 2019.

Møtestad: Digitaliseringsdirektoratet, Grev Wedels plass 9, Oslo. Møterom 2015, 2. etg.
Tidspunkt: Kl. 08:30 – 11:30

Deltaking

Medlemmar av Skate

  • Steffen Sutorius, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
  • Lars Peder Brekk, Brønnøysundregistrene (BR)
  • Christine Bergland, Direktoratet for e-helse (eHelse)
  • Inger-Mari Ouren pva Hans Christian Holte, Skatteetaten (SKE)
  • Anne Cathrine Frøstrup, Statens kartverk (Kartverket)
  • Kristin Weidemann Wieland, KS
  • Jonas Slørdahl Skjærpe pva Sigrun Vågeng, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
  • Ingunn Cowan pva Nina Schanke Funnemark, Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen)
  • Inga Bolstad, Arkivverket
  • Roar Olsen, Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning)

Fråvær

  • Arild Sundberg, Oslo kommune

Bisitjarar

  • Øyvind Akerhaugen, Arkivverket
  • Norunn Saure, eHelse
  • Arnt Kristiansen, BR
  • Olav Petter Aarrestad, Kartverket
  • Håkon Tverrli, NAV
  • Knut Bjørgaas, Digdir

Sekretariat

  • Jan Sørgård, Digdir
  • Silje Johansen, Digdir

Deltaking på saker

  • Tone Bringedal, Digdir, sak 2/20
  • Cecilie Njøs Høgheim, Digdir, sak 4/20

Saksliste

Faste saker

  • Godkjenning agenda
  • Godkjenning av referat frå Skate-møte 18.12.2019
    Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

Saker til behandling

  • 1/20 Overordna tilnærming i sentrale tiltak under Deling av data - Råd frå Skate
    Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas
  • 2/20 Regelverket si rolle i digitalisering av offentleg sektor – strategiske råd frå Skate
    Digitaliseringsdirektoratet/Tone Bringedal og Knut Bjørgaas
  • 3/20 Modell for styring av fellesløysingar – Innleiande innspel frå Skate
    Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas
  • 4/20 Endringar i medfinansieringsordninga – status og Skates rolle
    Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius og Cecilie Njøs Høgheim
  • 5/20 Kommunikasjonsplan for Skate
    Skatesekretariatet/Jan Sørgård
  • 6/20 Status for tiltak knytt til evalueringa av Skate i 2019
    Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas

Orienteringssaker

  • Deltakarendringar i Skate
  • Status på handlingsplanen til regjeringa sin digitaliseringsstrategi

Eventuelt

  • Ingen saker

Faste saker

Godkjenning av agenda

Agendaen vart godkjent.

Godkjenning av referat frå Skate-møte 18.12.2019

Referatet vart godkjent.

Saker til behandling

1/20 Overordna tilnærming i sentrale tiltak under Deling av data - Råd frå Skate

Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas

Utsende sakspapir før møtet
• Sak 1-20 Saksframlegg – Deling av data

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet
• Sak 1-20 Presentasjon - Deling av data

Saka gjeld - Behandlingssak
To hovudtiltak under prosjektet Deling av data er å utarbeide ei skisse for generisk datafordelar og å etablere eit nasjonalt ressurssenter for deling av data. I arbeidet ynskjer Digitaliseringsdirektoratet å involvere Skate og få råd og innspel.

Generisk datafordelar skal få verdikjeda for deling av data til å fungere på ein effektiv, saumlaus og sikker måte. Den er ikkje eit fysisk produkt, men summen av standardar, retningslinjer, tekniske komponentar og tenester, avtaler og juridiske avklaringar som legg til rette for datadeling og skaper samhandlingsevne mellom verksemdene – juridisk, organisatorisk, semantisk og teknisk. Ein del av det naudsynte rammeverket finnes allereie som enkeltståande element. Prosjektet skal vise samanhengen mellom innhaldselementa, peike på kva som må vidareutviklast og kva som manglar og bidra til utvikling av desse elementa.

Etableringa av eit nasjonalt ressurssenter for deling av data er forankra i regjeringa sin digitaliseringsstrategi frå 2019 og tildelingsbrevet til Digitaliseringsdirektoratet for 2020. Senteret skal ha spisskompetanse på samanhengen mellom juss, teknologi, forretnings- og forvaltningsprosessar som læremiljø og kompetansebank for heile offentleg sektor. Parallelt med etableringa er det sett i gang ein pilot. Ressurssenteret skal være etablert innan Q4 2020 med inntil fem nye stillingar. Senteret skal være tverrfagleg og samarbeide tett med relevante fagmiljø utanfor Digitaliseringsdirektoratet. Kunnskap om utfordringar som senteret bør gripe fatt i er allereie kjent frå pilotarbeidet, tidstjuvdatabasen og fleire rapporter, men det skal og etablerast ei løysing for nye innspel. Ei viktig oppgåve i ein tidlegfase for senteret vil være å lage ein rettleiar for digitaliseringsvennleg regelverk.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Mange uttrykte tilslutning til skissert innretning for både generisk datafordelar og ressurssenteret
  • Innspel om ressurssenteret:
    o Finn og prioriter dei viktigaste hindringane i regelverket.
    o Viktig at ein har merksemd på samanhengen mellom dei ulike lovene
    o Samarbeid med andre verksemder er avgjerande for å lykkast. Vurder om ein kan inngå avtaler om ressursdeling og personar med ulike verksemder
  • Innspel om generisk datafordelar:
    o Figuren er bra. Vurder om ein kan få tydelegare fram kven som har ansvar for kva
    o Vurder om og eventuelt korleis forvaltningsansvaret skal synleggjerast

Vedtak

  • Skate sluttar seg til planlagt innretning på arbeidet med Generisk datafordelar og Nasjonalt ressurssenter for deling av data
  • Skate understrekar at det er viktig at arbeid i nettverk med andre verksemder vert vidareført
  • Digitaliseringsdirektoratet tek med seg innspela frå Skate i arbeidet vidare

2/20 Regelverket si rolle i digitalisering av offentleg sektor – strategiske råd frå Skate

Digitaliseringsdirektoratet/Tone Bringedal og Knut Bjørgaas

Utsende sakspapir før møtet
• Sak 2-20 Saksframlegg – Regelverk og digitalisering

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet
• Sak 2-20 Presentasjon - Regelverk og digitalisering

Saka gjeld - Behandlingssak
Utforminga av regelverk kan hemme eller fremme digitalisering. Dette har til ulike tider vore belyst i ulike utgreiingar og lovinitiativ både i Noreg og i andre land. Eit nyleg konkret resultat av slike vurderingar såg vi i Danmark i 2018, der regjeringa og opposisjonen laga ein avtala om at ein skulle følgje nokre prinsipp for å få det dei kalla digitaliseringsklar lovgjevnad.

I den seinare tid har regelverket si rolle for digitaliseringa på nytt fått meir merksemd i Noreg, og no med eit høgare ambisjonsnivå. No er målet tydeleg at regelverket skal fremme digitalisering, og ikkje berre at det ikkje skal hemme.

Evaluering av Skate våren 2018 viste at det i Skate er brei semje om at lov- og regelverk i Noreg ikkje er tilstrekkeleg tilpassa dei digitale moglegheitene vi har i dag. Evalueringsrapporten anbefalte at digitaliseringsvennleg regelverk vart sett på agendaen i Skate.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Nytt regelverk
    o Nytt regelverk bør få krav på seg om at det skal være digitaliseringsvennleg.
    o Forankring av krav i utredningsinstruksen bør vurderast
    o Regelrådet og prinsippa frå Danmark bør vurderast også i Norge. Krava må då inn tidleg i lov- og regelverksutviklingsprosessen. I Danmark kjem ein inn litt seint.
    o Tverrfagleg kompetanse er viktig og må sikrast i NOU-arbeid og videre lovarbeid.
    o Departementa må involvere fagmiljøa i verksemdene tidleg i regelverksutforminga
    o Ein må få større grad av delegering frå departementa når det gjeld konkretisering av regelverk.
  • Eksisterande regelverk
    o Digitaliseringsdirektoratet bør ta fatt i eller peike på lite digitaliseringsvennleg regleverk som gjeld mange.
    o Det er tidkrevjande prosesser å få til modernisering av regelverket. Det kan kanskje være en ide å køyre årlege samleproposisjonar frå fleire sektorar for å gjere regelverket digitaliseringsvennleg. Dette kan kanskje løyse tverrgåande prosesser. I dag blir prosessane fort for store og skjer i kvar enkelt sektor.
  • Kompetanseheving i regi av Digitaliseringsdirektoratet:
    o Opplæring i korleis regelverk kan lages slik at det blir digitaliseringsvennleg, for eksempel gjennom e-læring og rettleiingar med gode og dårlege eksempel
    o Arbeide med vidareutvikling av metodikken på lovarbeid for å få eit digitaliseringsvennleg lov- og regelverk
    o Auke kompetansen om kunstig intelligens hos regelverksutformarar
    o Auke forståinga for tilrettelegging for og sikring av heimel til automatisering
    o Gi tilgang til gode eksempel.
  • Heilskapstenking i lovarbeidet
    o Viktig at regelverket blir utforma slik at både kommunar og andre får enkel tilgang til dei data dei treng for å gjere sine oppgåver

Vedtak

  • Digitaliseringsdirektoratet vert oppfordra til å ta med seg råda frå Skate i vidare arbeid med digitaliseringsvennleg regelverk og i dialogen med KMD om tverrgåande tiltak på området

3/20 Modell for styring av fellesløysingar – Innleiande innspel frå Skate

Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas

Utsende sakspapir før møtet
• Sak 3-20 Saksframlegg – Modell for styring av fellesløsninger

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet
• Sak 3-20 Presentasjon - Modell for styring av fellesløsninger

Saka gjeld - Behandlingssak
Etableringa av det nye Digitaliseringsdirektoratet medfører bl.a. at Altinn og Difi sine fellesløysingar kjem inn under same organisasjon. Som fleire andre fellesløysingar har desse i dag ulike styrings- og finansieringsmodellar. Ei av hovudprioriteringane i tildelingsbrevet til Digitaliseringsdirektoratet for 2020 er:

  • I samråd med KS, Skate og brukarane av dei nasjonale fellesløysingane, utarbeide forslag til en modell for organisering, styring og finansiering av de felleskomponentar og fellesløysingar som Digitaliseringsdirektoratet har ansvaret for.

Digitaliseringsdirektoratet har innleiingsvis valt å dele denne oppgåva i to deloppgåver, ei for kvar av innretningane styring og finansiering. Denne Skate-saka gjeld styringsdelen av temaet der direktoratet ynskjer innleiande innspel frå Skate.

Skate sitt arbeidsutval har gitt innspel på at vi må kombinere to hovudretningar

  • Styring av økosystem basert på strategiske føringar
  • Styring av den einskilde løysing basert på brukarane sine behov

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Bruken av begrepet økosystem kompliserer
    o Kva er økosystemet, er det fleire økosystem, kven har ansvaret for kva?
  • Uansett om ein snakkar om eitt eller fleire økosystem så må dei statlege sektorane ta omsyn til at kommunesektoren er brukar av løysingar frå alle statlege sektorar. Dei statlege løysingane må derfor være samordna og KS må involverast tidleg i prioriteringar.
  • Vi må kombinere strategisk styring og porteføljestyring med eit felles målbilete for nasjonale fellesløysingar. Dette må samverke med innovasjon ute i verksemdene. Det vert viktig å få informasjon undervegs i utviklingsprosessane for å ha eit sams bilete av kva som skjer i økosystemet.
  • Vi må passe på at avstanden ikkje blir for stor mellom strategisk styring og vidareutvikling av den enkelte teneste eller løysing. Kanskje er det hensiktsmessig å operere med produktgrupper som bind dette saman og sikrar at den strategiske styringa fungerer.
  • Vi kan ikkje snakke om styring utan å snakke om finansiering. Dei to delane må sjåast i samanheng.
  • Skate bør ha ei sentral rolle på strategisk nivå. Skate bør bruke Skate sitt arbeidsutval som støtte i utforminga av felles målbilete og samordna retning på portefølje eller produktgrupper. Ein bør dra lærdom av erfaringane frå etablerte styringsmodellar i sektorar.
  • Skate bør involverast i denne saka i to trinn vidare. Vi må raskt komme inn i en fase der ein klargjer konkrete modeller Skate kan diskutere. På den bakgrunn kan eit endeleg forslag leggjast fram for Skate

Vedtak

  • Digitaliseringsdirektoratet vert oppfordra til å ta med seg innspela frå Skate i det vidare arbeidet med modell for styring av fellesløysingar som direktoratet sjølv har ansvaret for. I kva grad styringsmodellen også kan brukast for andre fellesløysingar i økosystemet må vurderast i samråd med Skate som eit neste steg.

4/20 Endringar i medfinansieringsordninga – status og Skates rolle

Digitaliseringsdirektoratet Steffen Sutorius og Cecilie Njøs Høgheim

Utsende sakspapir før møtet
• Sak 4-20 Saksframlegg – Medfinansieringsordningen
• Sak 4-20 Vedlegg - Kategoriinndeling av søknader

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet
• Sak 4-20 Presentasjon - Medfinansieringsordningen

Saka gjeld - Behandlingssak
Medfinansieringsordninga vart oppretta i 2016 for å bidra til auka gjennomføring og gevinstrealisering av små og mellomstore samfunnsøkonomisk lønnsame digitaliseringsprosjekt. I statsbudsjettet for 2020 vart den økonomiske ramma for ordninga auka og målet utvida til også å skulle bidra til å realisere regjeringa sin digitaliseringsstrategi. I tillegg er det gjort nokre større endringar i kriteria.

Skate har hatt ei sentral rolle i utarbeiding av handlingsplanen til digitaliseringsstrategien. Det er derfor naturleg for Digitaliseringsdirektoratet som forvaltar av ordninga å spørje om Skate sitt syn på både den nye innretninga på medfinansieringsordninga og på den foreløpige kategoriseringa av mottatte søknader i 2020. Kategoriseringa var utarbeidd i samråd med Skate sitt arbeidsutval.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Bra at Skate får denne saka
  • Bra at potten er auka, men den kan med fordel bli enda større.
  • Krevjande i år at kriteria kom seint og at søknadsfristen vart kort.
  • Kriteria for ordninga hindrar for mykje av det regjeringa seier den vil oppnå gjennom digiitaliseringsstrategien
    o Den sterke koplinga mellom gevinstrealisering og budsjettkutt er særskilt krevjande. Denne utfordringa bør takast opp med KMD.
    o Det er ei bekymring at det er få søknader til felles infrastruktur / fellesløysingar. Det kan skuldast krava til gevinstrealisering.
    o Nedgangen i søknader i den gamle gruppa av små og mellomstore tiltak er og ei bekymring. ABE-reforma merkast i verksemdene, og den type gevinstrealisering med budsjettkutt som medfinansieringsordninga har, skapar ekstra utfordringar.
    o Det blir viktig framover å tydeleggjere kvalitative gevinstar
  • Litt skuffa over manglande søknader direkte knytt til livshendingane i Digitaliserings-strategien. Korte tidsfristar kan ha betydning i år.
    o Bra at fleire av søknadane så klart understøttar livshendingane
  • Det er ei utfordring at ein del av søknadane inkluderer kommunane i gevinstbiletet utan at forslaga og søknadane har vore diskutert med KS
  • Om prioritering av søknader:
    o Viktig å prioritere fellesløysingar som FuFinn. Her er det ingen klar eigar av eit viktig tiltak, og finansiering blir dermed ei klar utfordring.
    o Før det blir gitt støtte til Kudos bør det avklarast i kva grad dette overlappar med arbeid Arkivverket alt har starta og fått midlar til. Som minimum må desse to tiltaka avstemmast med kvarandre slik at ein ikkje lagar to løysingar for i hovudsak det same.

Vedtak

  • Digitaliseringsdirektoratet merker seg innspela frå Skate i det vidare arbeidet med medfinansieringsordninga

5/20 Kommunikasjonsplan for Skate

Skatesekretariatet/Jan Sørgård

Utsende sakspapir før møtet
• Sak 5-20 Saksframlegg – Kommunikasjonsplan for Skate
• Sak 5-20 Vedlegg – Forslag til kommunikasjonsplan for Skate

Saka gjeld - Behandlingssak
Eit av tiltaka i evalueringa av Skate våren 2019 var å utarbeide ein kommunikasjonsplan overfor departement og verksemder som ikkje er representert i Skate. Forslag til plan har vore utarbeidd av Skatesekretariatet og handsama i to møter i Skate sitt arbeidsutval. Eit einstemmig arbeidsutval har gitt støtte til forslaget til kommunikasjonsplan for Skate som følgde som sakspapir i denne saka til Skate.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Det vart uttrykt støtte til tiltaka i planen og spesielt understreka det positive med det nye planlagde Skate sitt toppleiarseminar

Vedtak

  • Skate godkjenner det vedlagte forslaget til kommunikasjonsplan for Skate

6/20 Status for tiltak knytt til evalueringa av Skate i 2019

Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas

Utsende sakspapir før møtet
• Sak 6-20 Saksframlegg – Status tiltak etter evalueringa av Skate

Saka gjeld - Behandlingssak
Evalueringa av Skate frå 2019 inneheldt ei liste med tiltak. Digitaliseringsdirektoratet orienterte om status for tiltaka. Dei fleste er no ferdig eller løpande.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Til tiltaket om representasjon i Skate understreka KS at dei er veldig opptatt av at det blir fleire representantar i Skate frå kommunesektoren

Vedtak

  • Skate tek saka til etterretning

Orienteringssaker

Deltakarendringar i Skate

Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

Saka gjeld
Kartverksjef Anne Cathrine Frøstrup går no ut av Skate sidan åremålet hennar som kartverksjef går ut. Direktør Steffen Sutorius i Digitaliseringsdirektoratet takka Frøstrup for innsatsen i Skate gjennom mange år. Ny representant i Skate frå Kartverket vert ny direktør Johnny Welle.

Status på handlingsplanen til regjeringa sin digitaliseringsstrategi

Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas

Saka gjeld – Orienteringssak
Difi fekk i 2019 i oppdrag frå KMD om å lage ein handlingsplan innan 31.12.19 for oppfølging av regjeringa sin digitaliseringsstrategi. Difi arbeidde tett saman med Skate sitt arbeidsutval, KS og Skate i utforminga av forslag til plan som vart sendt KMD innan fristen. Handlingsplanen var på tre nivå.

KMD har på nyåret signalisert at dei ynskjer nokre justeringar som det nye Digitaliseringsdirektoratet no er i ferd med å innarbeide i handlingsplanen. Hovudtrekka er:

  • NIVÅ: Nivå 1 og 2 skal følgast opp politisk. Nivå 3 er understøttande tiltak til digitaliseringsstrategien som vert forvalta av Digdir, KS og Skate. Digdir publiserer status for alle nivå på digdir.no.
  • PRIORITERING: KMD ønsker ikkje ei prioritering på nivå 1 og 2. Dei faktiske prioriteringane på nivå 2 skal gjerast i dei ansvarlege verksemdene og skal synleggjerast i rapporteringa og følgast opp på departementsnivå.
  • ÅRLIG STATUS: Digdir skal utarbeide ein årsrapport, som også vil innehalde evt. anbefalingar til justeringar av handlingsplanen som følge av eventuelle endra brukarbehov eller føresetnader i omverda. KS og Skate vil bli involvert i anbefalingane.

Skate si rolle i oppfølginga av handlingsplanen på nivå 3 og økosystemet (ref. kapittel 5 i strategien):

  • Nivå 3 er understøttande tiltak til digitaliseringsstrategien. Nivå 3 vert forvalta av Digdir, KS og Skate.
    o På vegne av Skate behandlar AU kvartalsvise statusrapportar for nivå 3 og forbehandlar evt. anbefalingar til justering av handlingsplanen.
    o Ein modell for korleis nye tiltak kan prioriterast inn på nivå 3 skal avklarast i løpet av 2020.
  • Vidareutvikling av økosystemet er ein del av handlingsplanen på nivå 3. Dette må understøtte behov i strategi og handlingsplan. Digdir, Skate og KS har forvaltningsansvar.
    o AU forbehandlar saker og forslag for Skate og bidrar til forvaltning av økosystemet.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Endringa synes å være ryddig og grei
  • Fleire tok opp at eit utfordringsbilde rundt økosystemet er rollefordeling og samspel mellom offentlege felleskomponentar/fellesløysingar og marknadsløysingar. Det gjeld både når marknadsløysingane byggjer på dei offentlege og kallar seg verdiaukande, kanskje utan å være så veldig verdiaukande, og når offentleg retta marknadsløysingar får så stor marknadsandel at dei i praksis er private monopolistar i offentleg digitalisering. Fleire i Skate støtta at dette er eit utfordringsbilde og ein balansegang som Skate bør diskutere.

Møtet vart avslutta kl. 11:18.