Hopp til hovedinnhold

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet støttar oppfølginga av regjeringa sin strategi "Framtidas digitale Noreg". Ei av oppgåvene som følgjer av dette, er at Digdir har laga eit sett indikatorar som skal brukast til å følgja utviklinga innan dei områda strategien omtalar. Indikatorane er no publisert i ein nullpunktmåling.

Opprettet: 01. oktober 2025

Føremålet med indikatorsettet er å gjere vurderingar av om utviklinga går rett veg, og å gi informasjon om i kva grad ein ligg an til å nå måla.

Kva gjer målinga?

Målingane gjer viktig styringsinformasjon til departementa i arbeidet med å gjennomføra digitaliseringsstrategien.

Vurderingane av måloppnåing vil òg vere eit verdifullt innspel til arbeidet med det nasjonale vegkartet, mellom anna ved å synleggjere kva område der styrkt innsats vil vere naudsynt for å nå måla i strategien.

Korleis blir utviklinga målt?

23 indikatorar kjem til å følgja gjennom strategiperioden. 14 indikatorar er henta frå digitaliseringsstrategien, i tillegg kjem 9 indikatorar fordi dei 14 ikkje dekkjer alt. Nøkkelindikatorane er omtalt i nullpunktsmålinga. Etter kvart vil statistikken oppdaterasa årleg.

I tillegg kjem ei oversikt over djupindikatorar. Desse er ikkje del av nullpunktmålinga, og dei løpande vurderingane. Dei vil bli brukt når det er behov for å gå grundigare inn på einskilde område, særleg der me ser at det kan vere naudsynt med ekstra innsats.

Kontakt

Ragnar Brevik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 71 76 79