Hopp til hovudinnhald

Programstyring

Mange verksemder bruker program som arbeidsform. Kva er eit program, og kva er forskjellen mellom prosjekt og program?

Oppretta: 23. april 2020 Sist endra: 05. april 2024

Eit program er ei samling av prosjekt med eit felles overordna mål, som saman skal bidra til forandringar og gevinstar i ein eller fleire verksemder eller sektorar.

Kjenneteikn ved program

Det som kjenneteiknar eit program, er at

  • prosjekta til programmet kan gjennomførast i sekvens eller med heil eller delvis parallellitet
  • eit program også har ansvaret for å følge opp gevinstrealiseringa knytt til leveransane frå kvart enkelt prosjekt
  • programleiinga har ansvaret for igangsetting og overordna styring av prosjekta til programmet
  • programleiinga tar vare på avhengnader, koordinering og ressurskonfliktar mellom prosjekta
  • eit program ofte har ei varigheit på fleire år

Programstyring

Oppgåver blir ofte organisert som eit program når leiinga i verksemda ønsker å vektleggje og følge opp ein spesielt viktig strategisk satsning. Den programeigaren som leiinga oppnemner, får eit særskild ansvar for å styre denne satsningen på leiinga sine vegner. I nokre tilfelle vel verksemdsleiaren sjølv å ta rolla som programeigar.

Sjølv om Prosjektveiviseren er retta mot prosjektstyring kan mange av dei grunnleggande prinsippa og strukturane i styringa overførast til programstyring. Men vêr merksam på at leiing av eit program krev noko meir og er meir komplisert.

Eit program er ikkje det same som eit stort prosjekt - eit prosjekt kan i prinsippet vere større enn eit program. Forskjellen ligg i at prosjektleveransane er produkt, medan du i eit program styrer prosjekta i programmet og følger opp dei samla gevinstane i programmet.

Inspirasjon til programstyring

Prosjektveiviseren er utvikla med inspirasjon frå PRINCE2. På same måte kan du hente inspirasjon til god praksis for programstyring i Axelos' modell for programstyring MSP (Managing Successful Programmes). Det er utarbeidd norske omsettingar av sentrale omgrep i MSP, og samt noko rettleiingsmateriell om kvifor og korleis program kan brukast som ein formålstenleg arbeidform.

I Noreg er det fleire som tilbyr utdanning og sertifisering innanfor MSP. Under kompetanseutvikling finn du ei oversikt over tilgjengelege norske kurs i MSP. Det kan også vere til inspirasjon og læring for verksemda di å delta i Digitaliseringsdirektoratet sitt nettverk for prosjekt-, program- og porteføljestyring.

I Danmark har Ministerienes prosjektkontor i Digitaliseringsstyrelsen utarbeidd «Den fællesstatslige programmodel» – som også hentar inspirasjon frå MSP.

Kontakt

Sammenhengende tjenester