Hopp til hovudinnhald

Om rettleiinga i sosiale medium for offentleg forvaltning

Målet med denne rettleiinga er at ho skal få utvikle seg i takt med utviklinga i sosiale medium. Ho vil difor ikkje vera konstant, men i stadig utvikling og forbetring slik at du som brukar skal ha mest mogleg nytte av ho.

Rettleiinga er basert på kunnskap, råd frå fagpersonar, retningslinjer og regelverk. Ho er bygd opp av ei generell rettleiing til sosiale medium og av tema som for eksempel "universell utforming". Temaa består av rettleiande prinsipp, beskrivingar av roller, gjeldande bestemmingar, tilgjengelege ressursar og praktiske eksempel henta frå faktiske hendingar. Tanken er å utvide med fleire aktuelle tema, og vi tek gjerne imot innspel på kva tema dette skal vere.

Bakgrunn – sosiale medium som kommunikasjonsverktøy

Sosiale medium utgjer ein stadig viktigare del av kommunikasjonen i samfunnet. Det gjeld også kommunikasjonen mellom offentleg forvaltning og innbyggarane. Det er difor naturleg at forvaltninga er til stades i sosiale medium, og at kommunikasjonseiningane bruker ressursar på å handtere sosiale medium på rett måte. I Statens kommunikasjonspolitikk heiter det at «Staten skal ta berørte innbyggere med på råd og involvere dem i politikkutformingen». Sosiale medium eignar seg godt til dette.

Gjennom å kommunisere i sosiale medium, når du ikkje heile befolkninga. Det er difor viktig å ikkje bruke sosiale medium som einaste kanal for viktig informasjon.

Statens kommunikasjonspolitikk og verksemda sine eigne retningslinjer for kommunikasjon gjeld difor også for kommunikasjon i sosiale medium.

Takk for bidrag

Til å lage rettleiinga har vi hatt med oss ressurspersonar med kompetanse på sosiale medium, kommunikasjon og forvaltningskunnskap, både frå offentleg og privat sektor. Vi vil takke dykk som har bidrege med konkrete erfaringar og kunnskap. Ein spesiell takk til Ståle Lindblad for innsatsen som prosjektleiar.

Nokre av dei verksemdene som har vore med, er:

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet (som oppdragsgivar og bidragsytar)
  • Kommunikasjonsforeningen
  • NAV Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Datatilsynet
  • Statsministerens kontor
  • Arkivverket
  • Samferdselsdepartementet
  • Forbrukerrådet
  • Arbeids- og sosialdepartementet
  • Utenriksdepartementet
  • Utlendingsdirektoratet
  • NRK
  • Innovasjon Norge
  • If Skadeforsikring

Kontakt oss om du har innspel til rettleiinga

Linda Meskestad

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99798028

Onar Aanestad

Informasjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 92 42 66 31