Hopp til hovudinnhald

Introduksjon til krav og anbefalingar

Det er mange krav og anbefalingar å forhalde seg til når offentlege verksemder skal digitalisere. Digdir har starta arbeidet med å samle desse, skape oversikt og vise samanhengar.

Kva er krav og anbefalingar?

Med krav meiner vi pålegg offentlege verksemder skal følgje når dei digitaliserer. Eit krav er alltid heimla i eit juridisk virkemiddel, til dømes ei forskrift eller eit rundskriv. "Krav" blir ofte nytta synonymt med at noko er "obligatorisk". Eit døme på dette er obligatoriske standardar, som er heimla i forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning.

Anbefaling er eit breiare omgrep. Ei offentleg verksemd er ikkje pålagt å følgje ei anbefaling, men skal i utgangspunktet ha gode grunnar til ikkje å gjere det. Ei anbefaling er med andre ord noko ei offentleg verksemd bør gjere.

Merk at noko som er eit krav for ei offentleg verksemd eller organ kan vere ei anbefaling for ei anna. Dette kjem an på verkeområdet til det juridiske virkemidlet kravet er heimla i. Forskrift om IT-standardar har same verkeområdet som forvaltningslova, og den gjeld difor for "ethvert organ for stat eller kommune". Digitaliseringsrundskrivet derimot gjeld for "departementene, statens ordinære forvaltningsorganer, forvaltningsorganer med særskilte fullmakter og forvaltningsbedrifter". Rundskrivet inneheld slik krav til statlege verksemder, men berre anbefalingar til kommunale.

Gå til liste over krav og anbefalingar

Kor har vi henta krav og anbefalingar frå?

Førebels har vi tatt inn krav og anbefalingar henta frå mellom anna forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning, digitaliseringsrundskrivet, eForvaltningsforskrifta, referansekatalogen for IT-standardar og dei overordna arkitekturprinsippa. Vi vil halde fram med å utvide oversikta med relevante krav og anbefalingar frå andre kjelder.

Krav frå EU-regelverk knytt til deling og bruk av data

Mykje av regelverket om handsaming, deling, bruk og gjenbruk av data kjem frå EU. Gjennom EØS-avtalen blir dette regelverket òg del av norsk lov. Her finn du ei oversikt over EU-regelverk på digitaliseringsfeltet.

Kontakt

Elianne Eggum

Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 94812983

Ragnar Brevik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99717679