Hopp til hovudinnhald

Brukarundersøkingar viser at krav og anbefalingar innan digitalisering i offentleg forvaltning er lite kjent. Det er eit ønske blant brukarane at det skal bli enklare å få oversikt, og lettare å forstå korleis ein etterlever krava i praksis.

Digdir har den seinare tida gjennomført brukarundersøkingar for å kartlegge kjennskap til forskjellige krav og anbefalingar innan digitalisering i offentleg forvaltning. Vi har mellom anna gjennomført ei spørjeundersøking retta mot tilsette i offentlege verksemder som jobbar med digitalisering, der vi mottok over 300 svar. Vi har òg intervjua brukarar frå 13 verksemder i kommunal og statleg sektor.

Datainnsamlinga er ein del av arbeidet med ei meir brukerretta framstilling av krav og anbefalingar og evaluering av forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning.

No legg vi ut ein rapport frå denne datainnsamlinga. Hovudfunna kan oppsummerast slik:

  • Det er for vanskeleg å få oversikt over det totale omfanget av krav og anbefalingar innan digitalisering i offentleg forvaltning.
  • Det er behov for å gjere kjeldene til krav og anbefalingar, slik som digitaliseringsrundskrivet og forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning, betre kjent i offentleg forvaltning og auke nytten for brukarane.
  • Informantane er jamt over positive til at det blir stilt krav innan digitalisering, og ønskjer tettare oppfølging av om krava blir etterlevd.

Kontakt

Ragnar Brevik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99717679

Elianne Eggum

Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 94812983