Føringar for bruk av arkitekturprinsippa

Dei reviderte arkitekturprinsippa er løfta frå perspektivet IT-arkitektur til eit verksemdsarkitekturnivå. Her finn du informasjon som gjer det enklare å ta prinsippa i bruk.

Dei overordna arkitekturprinsippa for digitalisering av offentleg sektor skal bidra til at arkitekturavgjersler gir best mogleg resultat for innbyggarar, næringsliv og samfunnet elles, og skjer i samsvar med overordna mål for digitaliseringsarbeidet i offentleg sektor. Prinsippa vil vere ei støtte til arbeid med verksemdsarkitektur og skal bidra til auka samhandlingsevne på tvers av verksemder og sektorar, samt auka endringsevne hos den enkelte verksemd.

Målgruppe for prinsippa

Målgruppa for prinsippa er alle som designar, utviklar og forvaltar digitale løysingar, eller tar avgjersler som får konsekvensar for verksemdsarkitekturen.

Føringar for bruk av prinsippa

Prinsippa er gjennom digitaliseringsrundskrivet obligatoriske for statleg sektor, og anbefalte for kommunesektoren. Der prinsippa og rundskrivet kan tolkast ulikt er det digitaliseringsrundskrivet som gjeld.

Prinsippa skal leggjast til grunn ved etablering av nye IT-løysingar eller ved vesentleg ombygging av eksisterande IT-løysingar. Prinsippa gjeld både ved eigenutvikling og ved anskaffingar. Den einskilde sektor og verksemd er ansvarleg for å konkretisere og innarbeide dei overordna arkitekturprinsippa i sin arkitektur, og når det skal etablerast eigne arkitekturprinsipp i sektoren eller verksemda.

Dersom prinsippa fører til vesentlege uønskte konsekvensar, kan dei helt eller delvis fråvikast. Verksemda må kunne dokumentere og grunngje eventuelle avvik.

Døme frå helesesektoren

Direktoratet for e-helse har utarbeidd ein rettleiar til arkitekturprinsippa for helsesektoren med ytterlegare forklaringar og anbefalingar, samt lenker til relevante ressursar som nettstader og dokument.

Forklaring til beskrivinga av prinsippa

Kvart prinsipp vert beskrive med namn, forklaring, grunngjeving, anbefalingar, og rettleiing og ressursar.

Forklaringa beskriv kva som vert meint med prinsippet, og grunngjeving beskriv kvifor dette er sett som eit overordna prinsipp. Anbefalingane beskriv korleis prinsippa skal etterlevast i praksis. Det vert lenka til aktuelle rettleiingar og ressursar der dette eksisterer.

Anbefalingane består delvis av eksisterande føringar og krav, til dømes gitt i Digitaliseringsrundskrivet. Anbefalingane er ikkje ei opplisting av alle relevante lover og forskrifter, men nokre regulatoriske føringar er tatt med der det er funne føremålstenleg.

Forvaltingsmodell

I forvaltinga av prinsippa vil Digitaliseringsdirektoratet forankre endringar i Arkitektur- og standardiseringsrådet. Ved endringar i prinsippa vil prinsippgruppa få nytt versjonsnummer og verte kommentert under endringshistorikk. Ved endringar som vert sett som vesentlege vil det gjennomførast offentleg høyring og endringa vil verte lagt fram for KMD. Reint tekstlege korrigeringar vil ikkje føre til nytt versjonsnummer.

Kontakt