Hopp til hovudinnhald
29. november 2021
2 minutt å lese

I kunstverda kan improvisasjonar og augneblinkens dramaturgi verkeleg by på dei store opplevingane. Korleis kan dette ha overføringsverdi til digitalisering? Det handlar om å førebu seg.

For vi veit alle at grunnlaget må vere på plass om improvisasjonen skal bli god. Enten det handlar om musikk, teater eller andre felt, krev det både talent, timar med øving, framifrå ferdigheiter og god kunnskap. Dei beste improvisasjonane er rett og slett godt førebudde. Slik er det på dei fleste område, også når det kjem til digitalisering og utvikling av nye tenester.

Er det noko vi har lært det siste halvanna året, er det at vi som samfunn klarer å levere gode digitale løysingar til folk – og vi kan gjere det på kort varsel. Vi har byggeklossane, ferdigheitene og kompetansen som må til.

Leveransane av ei rekke brukerretta «koronaløysingar» under pandemien hadde ikkje vore mogleg utan den digitale grunnmuren vi har i form av nasjonale fellesløysingar, datadeling og felles mål.

Eksempelet UDI

Eit glitrande eksempel på dette er Utlendingsdirektoratet sin måte å løyse hasteoppdraget som dei fekk frå Justis- og beredskapsdepartementet i mai. Noreg sto framleis i pandemien, men reiseaktiviteten over grensene var i ferd med å ta seg opp. UDI fekk i praksis fem kvardagar på seg til å få opp ei digital løysing som gjorde det mogleg for folk som reiste inn til landet å søke unntak frå reglane om karantenehotell.

For enkeltmenneske i krevjande livssituasjonar var dette ei viktig og etterspurt teneste. Det kunne for eksempel vere ein norsk utvekslingsstudent i USA som måtte heim til ein alvorleg sjuk far.

Leveransane av ei rekke brukerretta «koronaløysingar» under pandemien hadde ikkje vore mogleg utan den digitale grunnmuren vi har i form av nasjonale fellesløysingar, deling av data og felles mål.

UDI slo fort fast at dei ikkje kunne gjere jobben åleine med eigne sakshandsamingssystem. Løysinga var å gå til Digdir. Ved hjelp av fellesløysingane ID-porten og Altinn – og eit imponerande samarbeid med kommunane og ei rekke verksemder knytta til innreise- og grensekontrollen – var løysinga på plass innan fristen.

Det er verdt å lese heile historia som UDI sjølv har blogga om her på digdir.no.

Vi lykkast best saman

Dette er også eit eksempel på at digitalisering er ein lagsport. Vi kan ikkje lykkast på kvar vår kant. Min bodskap er difor at den største utfordringa for det offentlege er å lykkast betre på tvers av alle verksemder og sektorar. Det er eit felles samfunnsoppdrag.

Vi ser at koronakrisa har endra leiarane si forståing for digitalisering. Samarbeid og gjenbruk har fått skarpare fokus. Vi må bygge på og videreutvikle det vi har. Det frigjer ressursar og pengar til andre viktige samfunnsformål og kanskje aller viktigast: Det gir innbyggarane, næringslivet og frivillige organisasjonar ein enklare digital kvardag.

Fleire brukar fellesløysingane

Vi gjekk inn i 2021 med høgt tempo. Vi ser framleis ein kraftig vekst i bruken av fellesløysingane, registera og meir deling av data. Ved inngangen til september var det 8.700 tenester som brukte fellesløysingane frå Digdir. Dette er tenester som nyttar ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret, eSignering og andre løysingar. Auken berre i år er på 20 prosent. I tillegg kjem bruken av Altinn-plattforma.

Antall innloggingar i ID-porten åleine har auka med 30 prosent i år. Meir bruk av fellesløysingane kan ikkje lenger berre knyttast til pandemien, og veksten vil halde fram. I snitt har vi no 500.000 unike innloggingar til offentlege tenester kvar dag gjennom den felles påloggingsløysinga.

Samarbeid, fart og finansiering

Kva har desse månadane lært oss? Vi har sett at det offentlege har evne til å digitalisere prosessar raskt og effektivt. Under pandemien kom hastebestillingane på løpande band, og statlege verksemder leverte nye løysingar raskt – i all hovudsak gjennom samarbeid. Dette er ei erfaring det er viktig å ta med seg vidare.

Samtidig kan dagens prosessar for å sikre finansiering til prosjekt både vere lange og tidkrevjande. Vi bør vurdere å innrette finansieringa slik at verksemdene i større grad kan bli målt på om dei oppfyller måla med digitaliseringa og ikkje berre med enkeltprosjekt. Ein modell kan vere å delegere finansieringspottar til verksemder, eller samarbeidsråd som Skate, basert på klare føringar og målsettingar. Slike grep vil fremje meir samarbeid og sikre ytterlegare fart i digitaliseringa.

(Denne teksten vart første gong publisert i ComputerWorld 25. november 2021)

Steffen Sutorius portrett
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Steffen Sutorius

Sutorius var direktør i Difi og Digitaliseringsdirektoratet i perioden 2016-2022. Han har bakgrunn fra konsulentselskapet Metier og fra Statens pensjonskasse der han gjennomførte av et av de største smidige it- og endringsprosjektene i offentlig sektor, Perform. Sutorius er siviløkonom fra Norges handelshøyskole.

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
10 + 7 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.