Bruk av sentrale fellesløysingar
Finn data om bruk av sentrale fellesløysingar i offentleg sektor.

Indeks for utvalde nasjonale fellesløysingar
Vi har laga ein indeks for bruken av nokre utvalde nasjonale fellesløysingar: innloggingar gjennom ID-porten, oppslag i einingsregisteret, profesjonelle brukarar av folkeregisteret, oppslag i matrikkelen, meldingar sendt via SvarUt, og innloggingar på helsenorge.no. Indeksen gir oss eit statistisk mål på utvikling over tid med utgangspunkt i eit referanseår. Her brukar vi 2024, og set verdien til 100 det året. Lågare tal indikerer at bruken har vore mindre enn referanseåret, medan høgare tal indikerer større bruk. Det har vore ein stødig vekst i bruken dei siste åra. 2022 skil seg noko ut frå den generelle utviklingstrenden. Dette skuldast mellom anna at talet på profesjonelle brukarar av folkeregisteret var særleg høgt dette året.

Einingsregisteret - Brønnøysundregistera
Einingsregisteret er ein oversikt over alle verksemder som er momspliktige, har registrerte tilsette eller er med i Foretaksregisteret. Registeret har òg mange næringsdrivande enkeltpersonføretak, foreningar og andre økonomiske einingar utan registreringsplikt. Einingsregisteret tek vare på nøkkelopplysningar om einingane på vegner av mange andre offentlege register. Dermed slepp den enkelte bedrift å melde i frå om ny adresse og andre endringar til kvar enkelt myndigheit. Einingsregisteret har heimel i einingsregisterlova. 3,6 milliardar oppslag vert registrert i 2023.

Folkeregisteret - Skatteetaten
Det sentrale folkeregisteret inneheld data om personar som er fødde og/eller er eller har vore busett i Noreg. Registeret omfattar både busette, utvandra personar og døde. Folkeregisteret er heimla i folkeregisterlova. I 2023 vart det registrert 3204 profesjonelle brukarar, ein nedgang frå 7568 profesjonelle brukarar i 2022.

Matrikkelen - Kartverket
Matrikkelen er Noregs offisielle eigedomsregister. Registeret inneheld informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustader og adresser. Matrikkelen har heimel i matrikkellova. I 2023 vart det 19,5 milliardar oppslag i matrikkelen, opp frå 18 milliardar oppslag i 2022.

Helsenorge.no - Direktoratet for e-helse
Helsenorge leverer tenester og informasjon om helse og rettar til innbyggarar i Noreg. Helsenorge.no er den offentlege nettstaden for innbyggarar i Noreg. Innhaldet vert levert av ulike aktørar i helsesektoren, og det er Norsk Helsenett som har ansvar for drift og utvikling av nettstaden. I 2023 vart det registrert 82 millionar innloggingar i sjølvbeteningsløysingar, ei auke frå 77,5 millionar året før.

SvarUt - KS
KS FIKS meldingformidler er ein sentralisert løysing som formidlar dokument mellom avsendar og mottakar via ulike kanalar. Kommunar og andre kan nytta KS FIKS plattform. SvarUt blir nytta for utgåande post, medan SvarInn blir nytta for innkommen post. I 2022 var det sendt 18,7 millionar meldingar via SvarUt.