Hopp til hovudinnhald

Betre samordning mellom stat og kommune

Statlege verksemder har i mange tilfelle ikkje nok kunnskap om kommunal organisering, infrastruktur, rutinar og budsjettprosessar og korleis dette påverkar innføringa av nye digitaliseringsløysingar.

Riksrevisjonen (2016) undersøkte digitalisering av kommunale tenester og påpeikte at staten ikkje koordinerer digitaliseringstiltak som påverkar kommunesektoren godt nok. Dette vert understøtta av ein rapport Difi ga ut i 2016: «Bedre involvering av kommunal sektor i statlige digitaliserings-prosjekter». Han viser at samhandling mellom stat og kommune om einskildprosjekt er svak.

Ikkje nok kunnskap om kommunal organisering og styring

Difis rapport peiker på at statlege verksemder i mange tilfelle ikkje har nok kunnskap om kommunal organisering, infrastruktur, rutinar og budsjettprosessar og korleis dette påverkar innføringa av nye digitaliseringsløysingar. Samtidig peiker undersøkinga på eit behov for betre samordning på kommunal side for å få større einingar og betre kapasitet og kompetanse.

Svakheiter i arbeidet med å identifisere og berekne konsekvensar

I følgje Agenda Kaupang er staten ikkje god nok til å identifisere og berekne konsekvensane av digitaliseringstiltak som påverkar kommunal sektor. Ein av grunnane til dette er at kommunesektoren i for liten grad vert involvert i planlegginga av digitaliseringstiltaka.

Dei faktiske kostnadene for innføring av statlege digitaliseringstiltak i kommunesektoren vert ofte vesentleg høgare enn kostnadsestimata. Agenda Kaupang peiker mellom anna på at staten ikkje i tilstrekkeleg grad bereknar kostnader og arbeidsinnsats korrekt i digitaliseringsprosjekt som påverkar kommunesektoren.

Staten må i større grad ta omsyn til kommunesektorens digitaliseringsløysingar

I rapporten frå Difi fremmar KS behovet for at staten legg til rette for at kommunar og fylkeskommunar kan nytte statlege løysingar der dette er føremålstenleg og at staten i større grad må ta omsyn til kommunesektorens digitaliseringsløysingar i utviklinga av nye statlege digitaliseringstiltak. Rapporten konkluderer med at dette føreset ei større grad av intern koordinering i kommunesektoren som sikrar ei tydelegare og meir heilskapleg kommunal tilnærming til nasjonale digitaliseringssatsingar og tiltak.